Aktuelt frå kommunen

Slår eit slag for trommetradisjon

Tambur Erik Sundvor på kystsogedag i 2013. - Klikk for stort bileteTambur Erik Sundvor på kystsogedag i 2013. Ella Marie Brekke Vangsnes  Laurdag 27. september inviterer Fusa kulturskule til ein introduksjon i tamburspel under Fritidsmønstringa i Eikelandsosen. Fusa har ei rik tradisjon for tamburtromme, eller slåttetromme, og ein håper å vekka interessa hjå nye generasjonar trommeslagarar.

Kurshaldar er Tormod Kayser som har bakgrunn frå rockescenen i Bergen, men som også har vore aktivt med i eit vestlandsk tamburmiljø. Kayser er ein stor kapasitet på dette feltet og er flink å formidla vidare til dei som vil prøva seg på tamburtromme. Er du nyfiken på kva denne trommetradisjonen er for noko kan du finna filmsnuttar på Youtube (Internet) der Tormod Kayser m.a. speler trommeslått frå Fusa.

Stor interesse
Laurdagen er meint som eit introduksjonskurs i denne tradisjonen. Om interessa er til stades vil kulturskulen følgja opp med nye kurs og kanskje kan vi få tamburmiljøet til å bløma også i Fusa? Interessa var i alle tilfelle stor då tamburtradisjonen var tema på kystsogedag på Engevik i 2013.

Har trommer
Kulturskulen har seks tamburtrommer som vert brukt på kurset. Skulle nokon ha tilgang på gamle tamburtrommer er det sjølvsagt flott om dei tek desse med.

 


Det er ein fordel med gode ferdigheiter med trommestikkene på førehand. Gjerne frå pop, rock eller korps. Bli med å blåsa liv i ein gammal Fusa- og Midthordlandstradisjon!

Kurs på fritidsmønstring
Kurset er på Fusa vidaregåande skule kl 11-13 laurdag 27. september.


Kursavgift kr 100,-. Påmelding på e-post til: Are Fløisand are.floisand@fusa.kommune.no
Frist for påmelding: måndag 22. september kl 12.00.

Arr: Fusa kulturskule

Johannes Sundvor - Klikk for stort bileteJohannes Sundvor Illustrasjon Anja Tveiterås

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30