Aktuelt frå kommunen

Skulestart måndag 18. august

Arkivfoto frå Nore Fusa oppvekstsenter 2012 - Klikk for stort bileteArkivfoto frå Nore Fusa oppvekstsenter 2012 Nore Fusa oppvekstsenter Måndag startar det nye skuleåret 2014-2015 for 570 barn og unge på oppvekstsentra i Fusa og på Fusa ungdomsskule. Ekstra spente er nok dei 48 barna som skal bli elevar i 1. klasse. Fusa kommune og einingsleiar for Undervisning Anne-Merete M. Hellebø ønskjer elevar, føresette og dei vaksne som jobbar ved skulane velkommen til eit nytt skuleår!

Helsing frå einingsleiar for Undervisning Anne-Merete Mærli Hellebø:

"Skuleåret framføre oss blir innhaldsrikt. Nokon skal læra bokstavar og tal, medan andre skal læra geometri og kjenna igjen retoriske appellformer. Reisa frå 1.- til 10. steg er lang, men spanande og utviklande.

Skulen har eit stort mandat i Noreg: I Kunnskapsløftet står det at skulen skal skapa “gagns menneske”. Det tyder at alle barn i Noreg og i Fusa skal læra seg fagleg og sosial dugleik som gjer dei rusta til å møta verda etter 13 års skulegang. Barna går på skulen for å læra det som dei treng seinare i livet, og læringa skal skje i gode og klasse- og læringsmiljø og i samarbeid med heimen.

Dei vaksne som har valt å jobba i skulen, har ein særs viktig jobb som det ligg høge forventningar til. Kvar dag møter dei opp, og taklar solskin og regn.

Den viktigaste samarbeidspartnaren til dei vaksne som jobbar i skulane er foreldra. Foreldra er ein viktig ressurs som saman med skulane jobbar for at barna skal ha det trygt og bra, og at dei lærar det dei skal!

Lukke til med eit nytt skuleår!"

Meir informasjon:

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30