Aktuelt frå kommunen

Sju fleire fusingar i haust

Seks trillekoffertar, Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bilete

Folketalet i Fusa auka med sju personar i tredje kvartal av 2014 og er no oppe i 3 837 iflg. Statistisk sentralbyrå (SSB) sine siste tal. Årsaka til vekst er nettoinnvandring. 

Null og minus

Fødselsoverskotet vårt i 3. kvartal er lik null: Det vart fødd sju og døydde sju i dette tidsrommet. 44 flytta frå Fusa til andre stader i landet, medan 42 flytta inn. Innanlandsflyttinga viste altså eit resultat for Fusa på minus to personar.

Nettoinnvandring

12 personar innvandra til Fusa i tredje kvartal, medan tre utvandra. Innvandringsoverskotet på ni personar sikra Fusa ein auke i folketalet på sju personar i dette tidsrommet.   

Så langt i år har folketalet i Fusa auka med åtte personar frå 3 829 til 3 837.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30