Aktuelt frå kommunen

Rydding av kommunale vegar etter stormen

Rotvelta tre ved veg med varselskilt. Foto - Klikk for stort bilete Alle kommunale vegar vart grovrydda slik at dei vart køyrbare i løpet av tysdag, men det står framleis mykje oppryddingsarbeid att. Innleigd entreprenør går i gang med dette i neste veke. 

Det ligg mykje greiner og tre med meir langs vegkantane. Oppryddingsarbeidet er så omfattande at Fusa kommune må leiga inn entreprenør til dette. Helland Hogst AS, som skal gjera jobben, er oppteken annan stad denne veka. I neste veke går entreprenøren i gang med vegane i Fusa, opplyser einingsleiar Øystein Havsgård ved Teknisk drift.

Han legg til at grunneigarar som ønskjer å bruka det som ligg ved deira eigedom til ved, kan melda frå til teknisk vakttelefon 478 05 640 om dette. Elles vert alt flist opp.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30