Aktuelt frå kommunen

Raul med utstilling i Glasgato

Raul D Jesus med kunstutstilling i Kommunetunet. - Klikk for stort bileteRaul D Jesus med kunstutstilling i Kommunetunet. Erik Vangsnes  Raul Manuel Damiao Jesus, opphavleg frå Portugal, har for tida ei utstilling som varmer og lyser i januartunge Fusa. Alle som kjem innom dørene i Kommunetunet vil sjå dei åtte fargeglade arbeida hans i Glasgato. Her er det både stilleben og landskap.

Motiva er dels heilnorsk med vestnorske fjordar og bygder, men fargane har Raul hatt med seg i bagasjen frå sydlegare strok. Her ein stor variasjon i uttrykk og stemningar. Er du i Eikelandsosen bør du ta turen innom Glasgato i Kommunetunet.

Raul er busett i Eikelandsosen og er til dagleg reinhaldar og badevakt tilsett i Fusa kommune.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30