Aktuelt frå kommunen

Ramsalt litteraturveke i Fusa

Ramsalt litteraturfestival - Klikk for stort bileteRamsalt litteraturfestival Ramsalt litteraturfestival i Fusa opnar i kveld måndag 3. november med poesikveld i Kulturløo på Helland kl 19.00. Festivalen byr fleire ulike arrangement i løpet av veka.

På poesikvelden får du møta eit knippe av poetar i samtale med Jan-Ove Hansen, mellom desse Vigdis Strønen frå Os og fusingane Harald Tveitnes og Leif Tholo. Det er gratis inngang og publikum får høve til å kjøpa signerte bøker.
 


Poesilunsj
Onsdag føremiddag 5.11. er Bente Bratlund på farten i Fusa. Først med opplesing på Fusa bu- og behandlingssenter som del i den kulturelle spaserstokken og deretter med open og gratis poesilunsj på biblioteket i Kommunetunet kl 11.45.

"Damenes aften"
Onsdag 5.11. kl 19.00 er det "Damenes aften" på Bruvang, Baldersheim, med forfattarane Monica Nordland Yndestad, Sissel Værøyvik og Astrid Kaastad. Programmet er gratis og ope for begge kjønn, men det er kvinnene som har styringa denne kvelden.

Torsdagsakademi
Torsdag 6.11. kl 19.00 er det Torsdagsakademi i biblioteket med frilansjournalist og forfattar Øyvind Strømmen. Han skal snakka om siste boka si "I hatets fotspor", der han tek for seg nasjonalisme, ekstremisme og muslimhat.  Her er det inngang kr 100,-.

Barna sin dag
Laurdag 8.11. kl 12.00 er det barneprogram i Fusa folkebibliotek sine lokale i Eikelandsosen med Torfinn Sirnes. Her får du også møta Målfrid Ljones. Målfrid er pensjonert lærar, men har gjeve ut bøker og har også ei barnebok under arbeid. Her er det gratis inngang. Sjå flygeblad (PDF, 239 kB).

Krimkveld
Fredag 21. november vert det krimkveld i Strandvik grendahus med sterke namn som Chris Tvedt og Rene Rønshof.

Ramsalt litteraturfestival er eit samarbeid mellom Comino Forlag og Fusa folkebibliotek

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30