Aktuelt frå kommunen

Privatisering av kommunale vegar

Illustrasjonsfoto: Kommunal veg til Håvik - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Kommunal veg til Håvik Øystein Havsgård Kommunestyret vedtok før jul å spara pengar ved å privatisera 25 km kommunale vegar. Det skal no opprettast ei ad hoc-gruppe som skal sjå på kva kommunale vegar ein skal overføra til private. Medlemer og mandat skal vedtakast i kommunestyremøtet 5. mars (PDF, 296 kB). 

Ad hoc-gruppe

Formannskapet hadde saka oppe i sitt møte 20.2. Dei føreslo følgjande medlemer i ad hoc-gruppa: Ernst-Ove Hjartnes (Frp), Haldor Tuft (Sp) - leiar, Aud May Boge (H).

Mandat

Formannskapet rår til at ad hoc-utvalet får følgjande mandat: Ad hoc-utvalet skal leggja fram eit konkret framlegg til kva vegar som skal nedleggjast og framtidig eigarskap for veggrunn for kvar enkelt veg. Utvalet skal også koma med forslag om korleis ein kan hjelpa dei nye veglaga i gang med si organisering.

Juridisk rettleiing

Eit notat frå advokatfirma Steenstrup Stordrange DA gjer greie for dei juridiske sidene av nedlegging av kommunale vegar. Rådmannen tilrår å bruka dette notatet som utgangspunkt for det vidare arbeidet.

Veglova § 7 gjev kommunen rett til å fatta vedtak om at kommunal veg skal leggjast ned. Det inneber at kommunen ikkje lenger skal ha ansvar for vedlikehaldet - vegane vert overførte til privat vedlikehald.

Kva vegar kan/kan ikkje leggjast ned?

Iflg notatet står ein kommune nokså fritt til å bestemma om, og i tilffelle kva vegar som skal leggjast ned. Unntaket er vegar som er regulerte til offentleg veg og vegar der kommunen er bunden av tidlegare avtalar.

Advokatfirmaet vurderer det som mest "hensiktsmessig" å leggja ned vegar som:

  • ikkje er regulerte til offentleg køyreveg i reguleringsplan
  • ligg utanfor tettbygd strok
  • har liten trafikk
  • betener få eigedomar
  • ikkje inngår i eit gjennomgåande vegnett med mykje gjennomkøyring
  • ikkje tener allmenne brukarinteresser eller offentlege formål og verksemder
  • vegar med langt vegstrekk som betener få brukarar

Eigedomsrett til veggrunnen

Definisjonen på ein offentleg veg er at vegen er open for allmenn ferdsel og vert halden ved like av det offentlege. Kven som eig veggrunnen er ikkje avgjerande.

Advokatfirmaet rår til at kommunen kartlegg eigedomsretten til veggrunnen under dei vegane som er aktuelle for nedlegging som kommunal veg. Dersom det for kommunen er ønskeleg å framleis ha ein viss kontroll med vegen etter at han vert nedlagt som offentleg veg, bør kommunen leggja ned vegar der kommunen sjølv eig grunnen og/eller er brukar av vegen, heiter dte i notatet.

Ingen standardkrav

Kva standard bør dei vegane som blir overførte til privat vedlikehald ha? Kommunen har ikkje rettsleg plikt til å rusta opp aktuelle vegar til ein viss standard før nedlegging.

 

Endeleg vedtak i juni

Rådmannen rår til at det vert nytta juridisk kompetanse ved utforming av det endelege vedtaket om nedlegging av kommunale vegar, slik at ein er trygg på at det er korrekt.

 

Vedtak om nedlegging av vegar er juridisk sett ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, men eit politisk vedtak, og det er dermed ikkje krav om førehandsvarsel eller klagerett på det endelege vedtaket.

Målet er å få saka fram til endeleg handsaming i kommunestyret 18. juni.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30