Aktuelt frå kommunen

Polutsal til Eikelandsosen

Eikelandsosen - Klikk for stort bilete

Styret for Vinmonopolet har bestemt seg for å opna butikk i Eikelandsosen i løpet av 2015. Det er det einaste nye utsalet i Hordaland neste år og ein av seks nye butikkar tilpassa små distriktskommunar.

Vinmonopolet har hatt ei prøveordning med det dei kallar kategori 1-butikkar. Desse butikkane har eit mindre sortiment og redusert opningstid. Butikkar i Herøy (Nordland) og Lyngen (Troms) har ope torsdag-laurdag. Erfaringane med desse butikkane er gode og ordninga vert no utvida.

Vinmonopolet tar i si pressemelding atterhald om at dei finn eit høveleg lokale til butikken.





 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30