Aktuelt frå kommunen

Periodevis vegstenging på Fv 122 Skjørsand-Vinnes

Varselskilt for vegarbeid: trekantskilt med raud ramme og gul botn, innteikna med svart farge ein stilisert person med spade framfor ein haug. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete Fv 122 vert stengt i to timar kl 8.00-10.00, 10.15-12.15 og 12.45-14.45 måndag-fredag frå og med onsdag 11. februar i samband med vegutbetring. Stenginga skuldast nødvendig fjellsikring ved Skåte. 

Sikringsarbeidet vert utført i samband med den pågåande vegutbetringa på Fv 122 Venjaneset-Strandvik. Arbeidet startar onsdag 11.2.2015 og skal etter planen pågå til og med fredag 6.3.2015. Eventuelle endringar vert varsla.

Hovudentreprenør på veganlegget er Vestafjell AS, medan Mesta AS - fjellsikring er utførande entreprenør for fjellsikringsarbeidet.

Utrykkingskøyretøy under utrykking og buss i rute kan passera.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30