Aktuelt frå kommunen

Opnar Friluftslivets år i Vinnesholmen

Den gamle husmannsplassen i Vinnesholmen. - Klikk for stort bileteDen gamle husmannsplassen i Vinnesholmen. Roger Hoel 2015 er Friluftslivets år. I Fusa vert opninga markert med aktivitetar, grilling og overnatting under open himmel i Vinnesholmen fredag 16. januar kl 19.00. Nyetablerte Vinnesholmen Kystlag er arrangør.

Vinnesholmen Kystlag inviterer barn, ungdom og vaksne til å delta på opninga av Friluftslivets år 2015. Den offisielle opninga på nasjonalplan er 13. januar. I Fusa vert opninga lagt til fredag 16. januar. Det vert fyrt opp felles grill kl 19. Ta med pølser eller anna grillmat - og lommelykt, oppmodar Roger Hoel i arrangørlaget.

Det vert orientering om Friluftslivets år, friluftslova og allemannsretten. Det vert òg informert om Fusa Turlag/Barnas Turlag i Fusa og 4H. Og det vert aktivitetar for barn. Sist, men ikkje minst, vert det overnatting under open himmel.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft har utfordra alle ordførarane i landet til å vera med og sova ute. Så langt har 147 ordførarar takka ja til utfordringa. Fusa-ordførar Hans S. Vindenes er òg utfordra, men er diverre vekkreist den aktuelle datoen. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30