Aktuelt frå kommunen

Ope hus i musikkbingen

Musikkbinge frå utsida. - Klikk for stort bileteMusikkbinge frå utsida. Erik Vangsnes  Torsdag 20. mars er det ope hus i musikkbingen i Eikelandsosen. Nysgjerrige kan stikka innom i "bingen" mellom kl 11-12 på føremiddagen eller kl 18-20 på kvelden. Dette er lekk i ein kampanje for å få fleire brukarar av dette musikktilbodet som etter nyår vart gratis for unge under 21 år.

 

 

 Har du lyst å spela i band? Saknar du ein plass å øva?

Ferdig utstyrt
Ved skuleanlegget i Eikelandsosen har vi ein flott musikkbinge, spesialbygd som øvingslokale. Utstyr:  slagverk, el piano og gitar- og bassforsterkar og songanlegg. Det einaste du treng å ha med sjølv er gitarar og trommestikker!

Administrert av kulturkontoret
Frå nyttår er musikkbingen i Eikelandsosen gratis å bruka for alle unge t.o.m 20 år. For vaksne kostar 3 t per veke 1600 kr for halvåret per gruppe. Bingen vert administrert av kulturkontoret i nært samarbeid med kulturskulen. Det er utarbeida eigne retningsliner (PDF, 43 kB) for bruken.

Sjå flygeblad (PDF, 347 kB).

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.03.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30