Aktuelt frå kommunen

Offisiell opning av skatepark

Skatekurs under fritidsmønstringa september 2013. - Klikk for stort bileteSkatekurs under fritidsmønstringa september 2013. Erik Vangsnes

Onsdag 18. juni kl 17-20 blir det offisiell opning av den nye skateparken i Eikelandsosen med skateshow, konkurransar og leikar.

Skateparken ved skuleanlegget i Eikelandsosen er klar til bruk. Den offisielle opninga er onsdag 18. juni kl 17.00. Til opninga kjem den kjende skateren Martin Mentzoni. Haugesunderen Mentzoni er 28 år og er ein friskus med bakgrunn både som rockemusikar, modell og bloggar. Ein fargerik ungdom med både eigne meiningar og eit spesielt talent med skatebrettet. Du sjå video på denne lenka.

Martin Mentzoni - Klikk for stort bileteMartin Mentzoni

 

Under opninga vil publikum få sjå eit eige skateshow med Martin som er profesjonell skater og instruktør. Han vil også laga til konkurransar og leikar både for ferskingar og meir erfarne skateinteresserte. Til slutt blir det premieutdeling. 

Skateparken er alt blitt svært populær med stor aktivitet både på dagtid, kveld og helg. Både skateparken og sandvolleyballbanen som ligg like ved er blitt viktige møteplassar for barn og unge. Det er svært gledeleg!

Ein gjer samstundes merksam på at alle som nyttar skateparken må nytta hjelm og turvande utstyr.

Skateparken fekk nyleg tildelt 241.000 kroner i statlege spelemidlar. Samla budsjett er på 482.000 kroner med eit bidrag frå Fusa kommune på inntil 250.000 kroner.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 17.06.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30