Spennande oppgåver
Fusa har hatt ungdomsråd sidan 2007. I følgje dei oppdaterte vedtektene (PDF, 249 kB) skal ungdomsrådet:
• vera eit synleg og aktivt organ
• gje politikarane i Fusa råd i saker som gjeld ungdom
• fremja eigne saker som er viktige for ungdom i Fusa
• fordela øyremerkte midlar til ungdomstiltak
• kan stå som arrangør for opne høyringar/sosiale tiltak/arrangement for ungdom
Viktige saker
Siste året har ungdomsrådet m.a. jobba for å få på plass ein skatepark og sit sentralt i arbeidet med å få realisert ein idrettshall i Fusa.
Vald for 2 år
Val av ungdomsrepresentantar vert gjort for 2 år. Det skal veljast to faste medlemer med personlege varamedlemer. Møtegodtgjersla er kr 900 per møte for medlem og kr 1170 for leiar. Leiar vert vald ved konstituering på første møte 23. september. I følgje møteplanen til Fusa kommune er det to møte i hausthalvåret, men det kan koma til ekstramøte.
Frist 13. september
Forslag til kandidatar skal sendast på epost til: postkasse@fusa.kommune.no innan fredag 13. september. Du kan gjerne foreslå deg sjølv om du er i målgruppa!
Kontaktperson og sekretær for ungdomsrådet er kulturleiar Erik Vangsnes, telefon 56 58 24 49.