Aktuelt frå kommunen

Nyt vinteren i Fusa

Snødekte tre - Klikk for stort bilete

Det er flott vinterver i Fusa no om dagen. Fleire hundre var med på "Kom deg ut dagen" på Bygdastølen ski- og tursenter i regi av Barnas turlag søndag 1. februar. Det er preparerte skiløyper både på Holdhus og på Bygdastølen. På Holdhus er det lysløyperenn tysdagar fram til 3. mars.

Lysløyperenn
Hålandsdal idrettslag inviterer små og store til lysløyperenn på Holdhus med langrenn kvar tysdag. Påmelding frå 17.30 til 18.15 og start frå kl 18.30. Sjå elles oppdatert informasjon på idrettslaget si heimeside.


Lysløypa på Holdhus er elles tilgjengeleg heile dagen og med lys på ettermiddag og kveld. Løypa er ca 3 km lang. Det er gratis parkering ved Holdhus oppvekstsenter.

To meter snø
Bygdastølen ski- og tursenter er blitt det store utfartsmålet i Fusa for idrett og friluftsliv i vinterhalvåret. I år er det fantastisk mykje snø i fjellet, og det er målt to meter snø på flat mark ved løypene på Bygdastølen. Frå Heihiller kan du gå i terrenget innover fjellet eller i preparerte løyper ved langrennsanlegget. 

Bomveg til fjells
Det er bomveg frå Solvang og opp til parkeringa på Heihiller. Her må du betala kr 50 per bil. Er du interessert i å kjøpa kort, kan du sjå på denne lenka. Ein rundtur i løypa er på ca 5,8 km. På Bygdastølen er det lys kvar kveld kl 18.00-21.30.

God tur!

Mykje snø på skistadion ved Bygdastølen - Klikk for stort bileteMykje snø på skistadion ved Bygdastølen

 



 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 04.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30