Aktuelt frå kommunen

Ny Ta eit tak-aksjon

Utløe med steinmura veggar og rastehelletak. - Klikk for stort bilete

Det er ein ny aksjon i 2015 for å redda verneverdige hus ved å setja inn strakstiltak for å utbetra gamle tak. Norsk kulturarv har lyst ut midlar for "Ta eit tak" med søknadsfrist 1. februar.

Stiftinga Norsk Kulturarv vart skipa i 1993 og er ein interesseorganisasjon med formål å bidra til vern av kulturarven gjennom berekraftig bruk. Fusa kommune var mellom dei første kommunane som vart med i stiftinga på 1990-talet.

Fusa har fått redda mange historisk bygg gjennom tilskot frå ordninga "Ta eit tak". I 2015 får vi den 10. utgåva av aksjonen og tema i år er våningshus og driftsbygningar.

Du finn informasjon med kriterier og søknadsskjema på www.norskkulturarv.no under fana "Aksjoner". Søknader går direkte til Norsk kulturarv og skal ikkje først til Fusa kommune.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 19.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30