Aktuelt frå kommunen

Ny faldar om bunadstradisjon

Bunadsbelte - Klikk for stort bileteBunadsbelte GROM

Fusa kommune har no gitt ut ein faldar om «Bunader frå Fusa». Det er blitt ein flott trykksak som presenterer den lokale tradisjonen og gjev ei kort oppsummering av bunadsarbeidet fram til no.

 

Frukt av framsyning
Kvinnebunad frå Fusa frå tida kring 1814. - Klikk for stort bileteKvinnebunad frå Fusa frå tida kring 1814. Pernille A Dette er ei frukt av bunadsframsyninga på Fjord´n senter 24. mai i samband med grunnlovsjubileet. Då vart alle draktene fotograferte og ein fekk eit unikt fotomateriale til ein brosjyre. Det er eit stort mangfald både i mønster og fargar i bunadstradisjonen i vårt område. Bunaden blir lagt merke til og høgt skatta av mange i bunadsmiljøet langt utanfor Fusa sine grenser. 

I faldaren får ein presentert noko av rikdomen og variasjonane, frå den fargesterke kvinnebunaden frå tidleg 1800-tal med ulike variantar, til herrebunad frå midten av 1800-talet, barnebunader og nyare bunadstrikk.

Fram i rampelyset

Bunadstradisjonen fortener absolutt å koma meir fram i lyset og det er å håpa at denne trykksaken, som kulturkontoret i Fusa står bak, skal bidra til at fleire vert merksame på kva mangfald og rikdom denne tradisjonen byr på.

Fusa kommune takkar fotograf Fredrik Thorsen for nye foto og Johanna Ljones for tekst og arbeid med layout. Picapoint på Os har hjelpt til med formgjevinga.

Du kan sjå ein digital kopi av den flotte brosjyra her (PDF, 3 MB), elller koma innom ekspedisjonen i Kommunetunet for papirutgåva.
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.07.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30