Aktuelt frå kommunen

Møte om mottak av flyktningar

Det fargerike Fusa - Klikk for stort bilete

Fusa kommune inviterer til ope møte på Fusa ungdomsskule om busetjing av flyktningar, onsdag 3. desember kl 18.00-19.30 i gymsalen.

Fusa kommune har denne hausten busett dei første flyktningane på mange år. Kommunesstyret har sagt ja til å ta imot 10 flyktningar kvart år over tre år. Flyktningane skal busetjast i kommunesenteret Eikelandsosen.

Ope folkemøte
Onsdag 3. desember vert det halde eit ope folkemøte der det vert gjeve informasjon om busetjing av flyktningar frå Syria hausten 2014 og planlagt mottak i 2015 og 2016. Fusingane får sjølvsagt høve til å stilla spørsmål og både ordførar Hans Vindenes og fagpersonar frå administrasjonen i Fusa kommune vil vera tilgjengeleg for å svara.

Heimelekse
Lag og organisasjonar har fått særskild invitasjon til møtet. Frivillig sektor vert svært viktig i arbeidet med å integrera flyktningane i lokalmiljøet og det norske samfunnet.

Dei lokale laga har fått ei heimelekse før møtet: Kva kan nærmiljøet og lag og organisasjonar bidra med for å få til ei god integrering og eit vellukka mottak? Treng vi nye treffpunkt og møtestader både for etniske nordmenn og nye landsmenn? Kva med ein internasjonal kafé?

Stor utfordring
Møtet er ope for alle interesserte. I flyktningearbeidet er vi veldig interesserte i koma i kontakt med einskildpersonar som ønskjer å hjelpa til på ulikt vis. Hjelp til menneske på flukt er ei av dei største oppgåvene og utfordringane for verdssamfunnet i 2014 og vi kan gjera vår innsats i dette arbeidet lokalt i Fusa.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 28.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30