Aktuelt frå kommunen

Misjonskonsert med folkemusikkpreg i Eikelandsosen

Utsnitt av hardingfele. Foto. - Klikk for stort bilete Fredrik Thorsen

Onsdag 28. januar vert det skipa til "folkeleg misjonskonsert" i Eikelandsosen bedehus kl 19. Os spelemannslag, Jimmy Øvredal, kvedar Eirin Røykenes og elevar frå Fusa kulturskule deltek.

Det er gratis inngang til konserten, men høve til å gi ei gåve til Fusa sokneråd sin store innsamlingsaksjon til bygging av ny kyrkje i Sør-Etiopia. Prosjektet, som er i samarbeid med Fusa NLM, vil bli presentert på konserten. Det blir servering av m.a. etiopisk kaffi og korn frå kl.18.30.

Folkemusikkvri

Fusa sokneråd har arrangert fleire misjonskonsertar som har samla breidda av folket i kommunen. Os spelemannslag med Jimmy Øvredal og kvedar Eirin Røykenes er mellom dei som vi kan få høyra på den folkelege misjonskonserten i Eikelandsosen bedehus på onsdag. Spelemannslaget vil forutan å spela folkemusikk gje tonefølgje til allsong, der vi syng nokre av dei kjære og kjende songane – i ei litt anna musikalsk form enn vi er vande med, opplyser soknerådet i ei pressemelding. Eirin Røykenes syng religiøse folketonar.

Også elevar ved Fusa kulturskule deltek, så her blir det ei god blanding av unge og eldre krefter som trør til under konserten.

Ein smak av Etiopia

I forkant av konserten blir det ein enkel kafé, og her blir det m.a. servert etiopisk kaffi og korn! "Slik ligg det til rette for ei frodig og folkeleg musikalsk oppleving for Fusafolket, der ein også kan få yta noko til eit spanande prosjekt i søsterkyrkja vår i Etiopia!" avsluttar Fusa sokneråd.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30