Aktuelt frå kommunen

Landskapsdugnad på Vinnesholmen

Skuleelevar ryddar kratt og pas på den årlege husmannsdagen i Vinnesholmen. - Klikk for stort bilete Fusanisto

 

Laurdag inviterer Stiftinga Vinnesholmen til landskapsdugnad i det kommunale friluftsområdet på Vinnesholmen. Dugnaden foregår mellom kl 10 og 14 laurdag 15. februar og er open for alle interesserte. 

Ein skal skjera bort brake, rydda kratt og fella tre slik at vi får tilbake det gamle opne kulturlandsskapet. Vinnesholmen har endra seg mykje siste 50 åra og no treng ein eit krafttak for å hindra attgroing. Dugnaden gjev deg høve til å vera med på eit forfriskande fysisk arbeid ute og ein grei pause frå den olympiske fjernsynsstolen.

Arrangøren Stiftinga Vinnesholmen ber om at dugnadsgjengen tek med seg motorsag, greinsakser og godt humør!

Skuleelevar ryddar kratt og pas på den årlege husmannsdagen i Vinnesholmen. - Klikk for stort bileteSkuleelevar ryddar kratt og pas på den årlege husmannsdagen i Vinnesholmen. Fusanisto

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30