Aktuelt frå kommunen

Kystsogevekene 2014

Claus Sellevoll som Ivar Medaas - Klikk for stort bileteClaus Sellevoll som Ivar Medaas

Under kystsogevekene vert det fleire spennande arrangement i Fusa. Tysdag 1 .juli byrjar førehandssal av billettar til kystkulturkabareten "Ivar medaas - Dar kjem dampen" og til lokalhistorisk krus med M/S Midthordland.

”Dar kjem dampen” på Breidablikk
Under Kystsogevekene kan du sjå kabareten ”Ivar Medaas - Dar kjem dampen” på Breidablikk i Sævareid laurdag 23. august kl 20.00.  Kabaraten er i hovudsak skriven av Claus Sellevoll for Sogn og fjordane teater. Claus Sellevoll er sjølv på scena saman med Aage Vaksdal, Annlaug Børsheim og Olav Stedje.

Hestehandlarar frå kabareten Dar kjem dampen - Klikk for stort bileteHestehandlarar frå kabareten Dar kjem dampen

 

Billettane kostar kr 250,- og det vert førehandssal av billettar hjå P.H. Haugen landhandel i Sævareid, Fusa Mat i Fusatun, Joker Revnestrand på Baldersheim og Tønnekaffeen i Eikelandsosen frå 1. juli.

 

 


Torgdag på Engevikhavn
Det vert torgdag på den tidlegare handels- og gjestgjevarstaden Engevikhavn ved Sævareidfjorden sundag 24. august.

Seladon ved kai i Engevikhavn - Klikk for stort bileteSeladon ved kai i Engevikhavn Erik Vangsnes

 

Denne sundagen i august vert det på ny stor aktivitet i mellom sjøbuene med torghandlarar både frå Fusa og nabokommunane, demonstrasjon av gamle handverk og aktivitetar for store og små. Her skal det bli både rykande ferske bakevarer og andre matvarer, lokalt handverk og krimskrams. Det vert omvising i det historiske bygningsmiljøet.

Seglsluppen ”Seladon ” er tilbake og tar publikum på små fjordturar mellom Engevikhavn og Engevik gaard. Engevik gaard er open og her kan ein kjøpa seg middag og kaffimat. Det skal også gå veteranbuss i skytteltrafikk mellom Engevik gaard og Engevikhavn. Det vert gratis inngang, men billettar på buss og båt.

Jubileumstur med M/S Midthordland
Søndag 14. september vert det jubileumstur med M/S Midthordland. Tema for dei nasjonale kulturminnedagane i 2014 er ”Den store reisa – 200 år med samfunnsutvikling”.  Fusa har då vald å satsa på ein jubileumstur med M/S Midthordland frå nord til sør i kommunen, der ein kjem innom dei fleste bygdene. På dette viset får ein markert både det nasjonale grunnlovsjubileet og det lokale kommunejubileet. I år det 50 år sidan kommunane Fusa, Hålandsdal og Strandvik gjekk saman att i ”nye” Fusa kommune.

M/S Midthordland skal på lokalhistorisk krus på Bjørnafjorden 14. september. - Klikk for stort bileteM/S Midthordland skal på lokalhistorisk krus på Bjørnafjorden 14. september. Erik Vangsnes

 

Med lokale omvisarar og lokalhistorikarar ombord vil publikum vera med på ei spennande reise gjennom Fusa dei siste 200 åra. Det vert strandhogg på gamle stoppestader for fjordabåtane og kåseri om bord som skal gjera soga om ”den store reisa” levande for fusingar flest.

Turen går frå Fusa gamle ferjekai kl 10.00. Det er lagt ut 100 billettar for sal 1. juli i ekspedisjonen i Kommunetunet. Pris kr 200,-.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.07.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30