Aktuelt frå kommunen

Kystsogedagar i Fusa

Claus Sellevoll som Ivar Medaas - Klikk for stort bileteClaus Sellevoll som Ivar Medaas

Laurdag 23. august kan du sjå kabaraten "Ivar medaas - Dar kjem dampen" i Breidablikk i Sævareid. Dagen etter er er det torgdag på Engevikhavn med yrande liv både på sjø og land. Begge dagar er med i programmet for Kystsogevekene i Hordaland. Sjå eigen faldar (PDF, 4 MB).


Kulturelt storhende
Laurdag 23. august er det duka for eit kulturelt storhende i Fusa med framsyning av kabareten ”Ivar Medaas - Dar kjem dampen” på Breidablikk i Sævareid.  Kabaraten er i hovudsak skriven av Claus Sellevoll for Sogn og fjordane teater og har hatt stor suksess både i Førde og i Bergen. Claus Sellevoll er sjølv på scena saman med Aage Vaksdal, Annlaug Børsheim og Olav Stedje.

Hyllest av Ivar Medaas
Hestehandlarar frå kabareten Dar kjem dampen - Klikk for stort bileteHestehandlarar frå kabareten Dar kjem dampen

"Ivar Medaas – Dar kjem dampen” er både ei hylling av Ivar Medaas og av vestlandskulturen generelt gjennom språklege tablå og visene som Ivar Medaas laga og framførte i meir enn 30 år. Her blir det både vestnorsk sjølvironi og vakker poesi. Det vert sal av billettar både i døra og på førehand hjå P.Haugen, Tønnekafeen, Fusamat på Fusa og Joker Revnestrand på Baldersheim.

Torgdag på Engevikhavn
Det vert torgdag på den tidlegare handels- og gjestgjevarstaden Engevikhavn ved Sævareidfjorden sundag 24. august. Denne sundagen vert det på ny stor aktivitet i mellom sjøbuene med torghandlarar både frå Fusa og nabokommunane, demonstrasjon av gamle handverk, utstillingar og aktivitetar for store og små.

Her skal det bli torghandel med både rykande ferske bakevarer, grønnsaker, sjokolade, ost, lokalt handverk og krimskrams. Det vert omvising i det historiske bygningsmiljøet og torgmusikk med lokale musikktalent.

Lokal entreprenør
Sildesalting i Engevikhavn i 1894. - Klikk for stort bileteSildesalting i Engevikhavn i 1894. Thorvald Selmer (LAF)

Engevikhavn var handelsstad frå 1844 fram til 1911 med eige bakeri og handelsbu. Handelsbua låg i ei av dei store sjøbuene som framleis pregar miljøet i ”hamnen”. Lars Samsonson Meidell (1796-1865) gifta seg med Abel Katrine , dotter til Axel Nyegaard på Engevik gaard og fekk slik hand om Engevikhavn. Lars var den store lokale entreprenøren i si samtid. Han bygde opp heile det imponerande anlegget som er så å seia intakt også i dag. Han dreiv med fraktefart på Nordland, kornimport frå Austersjø-landa, sildefiske, sildeeksport og handels- og gjestgjevarstaden Engevikhavn.

Populære Seladon tilbake
Fjordtur med Seladon i 2012. - Klikk for stort bileteFjordtur med Seladon i 2012. Erik Vangsnes

Seglsluppen ”Seladon ” var eit svært populært innslag på kystsogedag for to år sidan og er tilbake. Båten tar publikum med på små fjordturar mellom Engevikhavn og Engevik gaard. Publikum får også høve til å koma om bord i den gamle frakteskuta Teigevik som var heimehøyrande i Lukksund og ein flittig gjest i Sævareidfjorden i tidlegare år. Det skal også gå veteranbuss i skytteltrafikk mellom Sandal, Engevik gaard og Engevikhavn. Engevik gaard er open og her kan ein kjøpa seg middag og kaffimat.

Utdeling av kulturvernpris
Programmet for dagen vert opna kl 12.00 av kulturleiar i Fusa kommune Erik Vangsnes. Siste programpost på ettermiddagen er utdeling av Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2014.

Arrangør er Sævareidfjorden ungdomslag i samarbeid med Fusa kommune og Stiftinga kystsogevekene i Hordaland.

I Fusa er jubileumsturen med M/S Midthordland søndag 14. september også med i Kystsogevekene. Sjå tidlegare artikkel.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 15.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30