Aktuelt frå kommunen

Kulturvernpris til Hålandsdalen leirskole

Melinda Hjelm Hatletveit, Anne-Grete Gjerdevik, Anne Martinsen og Eli Karin Nerhus - Klikk for stort bileteMelinda Hjelm Hatletveit, Anne-Grete Gjerdevik, Anne Martinsen og Eli Karin Nerhus Erik Vangsnes

Hålandsdalen leirskole er tildelt Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2014. Prisen vart utdelt ved avslutninga av kystsogedagen på Engevikhavn søndag 24. august og runda av ei særs vellukka kystsogehelg i Fusa.

Hålandsdal leirskole og Bergen kommune får prisen for sitt årelange arbeid med å formidla lokale kulturtradisjonar og kulturminne til barn og unge gjennom leirskuledrifta. Kulturvernprisen er ein diplom og ei pengegåve på kr 10.000,-. Det er arrangøren av kystsogedagane Sævareidfjorden ungdomslag som står bak prisen som i år vart delt ut for tredje gong. Les meir om prisen og grunngjevinga i pressemeldinga (PDF, 9 kB) frå juryen.

Ivar Medaas hylla
Kystsogedagane i Sæveid 2014 vart ein stor suksess. Laurdagskvelden var det fullt hus på ungdomshuset Breidablikk der 300 menneske fekk med seg kabareten "Ivar Medaas - Dar kjem dampen". Det var eit fyrverkeri av ei framsyning med både humor, skjemt og alvor. Publikum song med på kjende strofer og var med på notene frå første stund. Kabareten var ein flott hyllest til kunstnaren og artisten Ivar Medaas.

Olav Stedje, Annlaug Børsheim, Claus Sellevoll og Aage Vaksdal - Klikk for stort bileteOlav Stedje, Annlaug Børsheim, Claus Sellevoll og Aage Vaksdal Erik Vangsnes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publikumsrekord i Engevikhavn
Søndag var det mykje folk også på torgdag på Engevikhavn med handel og folkeliv i og utanfor dei gamle buene i "Hamnen". Her fekk du kjøpt litt av kvart av lokale torghandlarar. I den gamle handelsbua i andre høgda var det utstilling med arbeid av Anne Hesvik og kafé på notloftet. Borna fekk laga leikebåtar med kyndig rettleiing av Hans Hageberg og ute i tunet var det levande musikk med Idar Rolland, Helene Gjernes Riise og Joakim Brekke Tveit. Den gamle frakteskøyta Teigevik var eit populært innslag. Det same var seglkutteren Seladon frå Fitjar som frakta folk til og frå Engevik gaard. På returen kunne folk ta ein gamal veteranbuss som har gått i HSD si teneste.

Det var truleg publikumsrekord for kystsogedagane i Fusa denne søndagen og arrangørane var storlegen nøgde med helga. Neste arrangement i Kystsogevekene i Fusa er jubileumsturen med Midthordland søndag 14. september. Det er framleis råd å kjøpa billettar i ekspedisjonen på Kommunetunet i Eikelandsosen.

Torgdag på Engevikhavn - Klikk for stort bileteTorgdag på Engevikhavn Erik Vangsnes

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30