Aktuelt frå kommunen

Kor mange glas toler barnet ditt?

Logo frå AV-OG-TIL i samband med maikampanjen 2014. - Klikk for stort bilete Det nærmar seg 17.mai og sommaren er på veg. Vi går òg inn i dei månadane der nordmenn drikk aller mest. Fusa kommune lanserer difor ein ny AV-OG-TIL-kampanje.

Barna sine behov

No nærmar det seg 17. mai og mange gler seg over at sommaren er på veg. Vi går òg inn i dei månadane der nordmenn drikk aller mest, og for mange kan mai og forsommaren bli fuktig. I nokre høve kan alkoholbruk også gjera at barna sine behov blir gløymt, seier AV-OG-TIL-koordinator i Fusa, Synne Stagrim Håve.

Det som i utgangspunktet skal vera den beste dagen og dei morosamste månadane i året, kan i staden bli ei utfordrande tid for dei minste på grunn av dei vaksne sin alkoholbruk, seier leiar av alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, Kari Randen.

Mange gode krefter med på laget

Fusa kommune og AV-OG-TIL lanserar difor i mai kampanjen "Kor mange glas toler barnet ditt?" som oppmodar vaksne til å tenkja over korleis ein nyttar alkohol i saman med barn og unge. Ikkje med peikefinger, men med eit ønske om å bevisstgjera vaksne på barna sitt perspektiv. Fusa er første kommune ut i den nasjonale kampanjen.

Fusa er ein AV-OG-TIL-kommune, og samarbeider med AV-OG-TIL om haldningsskapande arbeid. "Difor er vi også med og støttar opp om kampanjen "Kor mange glas toler barnet ditt?" Vi deler ut brosjyrer og ulike effektar for å minna folk på at barn trivst aller best med trygge og edru vaksne," seier AV-OG-TIL-koordinator Synne Stagrim Håve.

Utfordrar foreldra

Barn er avhengige av dei vaksne rundt seg og likar best når foreldra oppfører seg som dei brukar å gjera. Det kan vera skremmande for barn når vaksne endrar oppførsel på grunn av alkohol. I motsetning til oss, kan ikkje barna velja å forlata festen når dei har fått nok.

Ved å ta opp temaet i lokalmiljøet blir foreldra utfordra til å reflektera rundt dette temaet, og AV-OG-TIL minner om at foreldre er viktige brikker i barna sine liv. Difor spør vi kor mange glas toler barnet ditt?, avsluttar Synne Stagrim Håve og Kari Randen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30