Aktuelt frå kommunen

Kor mange glas toler barnet ditt?

Portrett av alvorleg lita jente med påskriven tekst: Hvor mange glass tåler barnet ditt? Foto. - Klikk for stort bilete I førjulstida går alkoholkonsumet i vêret. Det kan gå ut over mange barn. Fusa kommune jobbar for å setja fokus på dette viktige temaet.

Julestemning

Kva julestemning inneber, er vanskeleg å setja ord på. For dei aller fleste av oss handlar det om lukta av julemiddag, lyden av julesongar, kjensla av varme og ro, og tryggleiken i det å ha familien rundt seg.
Det kan vera lett å gløyma at ordet julestemning har eit anna innhald for svært mange barn. For dei kan julestemning handla om ein kald klump i magen fordi dei er usikre: Kjem mor eller far til å drikka så mykje at dei endrar seg? Kjem jula til å enda med at eg kjenner meg einsam, oversett eller redd? Mange barn føler at dei må ta ansvar for at julefeiringa skal bli så vellukka som mogleg.

"Kvart år er det dessverre slik at den gode julestemninga for mange druknar i for mykje alkohol. Mange har familie og venner som drikk for mykje saman med ungane sine. Vi veit at det finst barn som er glade når jula er over og kvardagen tek til igjen. Slik bør det ikkje vera," seier Kari Randen i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

Alle familiar feirar jul forskjellig og har sine vanar og ritual. AV-OG-TIL oppmodar no vaksne til å tenkja gjennom kva som er gode juletradisjonar når det gjeld alkoholbruk. Kva tradisjonar kunne ungane våre ha klart seg utan?

Barn er totalt avhengige av dei vaksne, og dei likar best at foreldra oppfører seg som dei pleier. Derfor kan det vera skremmande når vaksne plutseleg endrar oppførsel på grunn av alkohol. I motsetnad til oss, kan ikkje barna velja å gå frå festen når dei har fått nok.

Bli med – gjer ein forskjell for barn og unge!

AV-OG-TIL har utarbeidd kampanjen "Kor mange glas toler barnet ditt?", og no i førjulstida vil vi oppmoda alle vaksne til å tenkja over kva dei meiner om det å drikka alkohol i samvær med barn og unge," seier sosialkonsulent Synne Stagrim Håve i Fusa kommune. "Vi hevar ikkje peikefingeren mot nokon, men vi ønskjer å få vaksne til å sjå ting frå barna sitt perspektiv i samanhengar der det blir drukke alkohol."

Ho oppmodar folk om å følgja AV-OG-TIL og julekampanjen på Facebook. Der er det stor aktivitet og rom for ettertanke og diskusjon no i vekene før jul.

Mange gode krefter med på laget

Fusa kommune er ein AV-OG-TIL-kommune og samarbeider med AV-OG-TIL om haldningsskapande arbeid. Derfor er vi òg med på kampanjen "Kor mange glas toler barnet ditt?" og vi vil leggja ut informasjon ulike stader i kommunen no i adventstida, avsluttar Håve.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30