Aktuelt frå kommunen

Jubelferd frå nord til sør

M/S Midthordland mot kai på Sundvor - Klikk for stort bileteM/S Midthordland mot kai på Sundvor Erik Vangsnes Fusa markerte 50-års jubileum for "nye" Fusa kommune med fjordtur søndag 24. september. Turen med M/S Midthordland var fullteikna og vart ei jubelferd frå nord til sør.

Lokalhistorie og allsong

Ordførar Hans Vindenes ønskte velkomen om bord på jubileumsturen som gjekk ut frå den gamle ferjekaien på Fusa. Med kunnskapsrike "bygdelosar" som vegvisarar fekk dei reisande både informasjon om landskapet og historia. Dette vart krydra med gamle bygdesongar og andre høveleg allsongar akkompagnert på trekkspel av Lars Skaathun og Asbjørn Heidal.

Kaibesøk

Det var kaibesøk på Vinnes, i Sævareid og på Sundvor. Her var det synfaring i dei gamle sentrumsområda og orientering. På Sundvor fekk ein m.a. sjå pengeskrinet som meistertjuven Gjest Baardsen stal på byrjinga av 1800-talet, og stova der han sat fanga etter at han vart teken for tjuveriet.

Jubileumskake

På heimvegen vanka det jubileumskake på både dei 150 gjestene og mannskapet. Her var dei tidlegare ordførarane Jan Koldal, Asbjørn Heidal og Hans J. Berge med og "spretta" dei flott kakene saman med dagens ordførar.

På veg mot Sundvor fortalde Erik Fossåskaret om livet lengst sør i kommunen med kaptein Rolf Drange som lyttar. | Fotograf: Erik Vangsnes Halvdan Eikeland fortalde om Eikelandsfjorden. | Fotograf: Erik Vangsnes I Sævareid sentrum orienterte Sveinung Norheim. | Fotograf: Erik Vangsnes Eldbjørg Sundvor synte fram skrinet som Gjest Baardsen stal i si tid. | Fotograf: Erik Vangsnes
Tidelegare handelsstad ved Samnøysjøen. | Fotograf: Erik Vangsnes Jubileumskvissen var populær | Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes M/S Midthordland mot kai på Fusa. | Fotograf: Erik Vangsnes
Fotograf: Erik Vangsnes På Vinnes kai var Hans Vindenes omvisar. | Fotograf: Erik Vangsnes

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 14.10.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30