Aktuelt frå kommunen

Interkommunalt ressurssenter opna

Varaordførar Marie Bruarøy (Os), ordførar Hans Vindenes (Fusa) og ordførar Marit Aksnes Aase (Samnanger) - Klikk for stort bileteVaraordførar Marie Bruarøy (Os), ordførar Hans Vindenes (Fusa) og ordførar Marit Aksnes Aase (Samnanger) Andris Hamre, midtsiden.no

Tysdag denne veka var det offisiell opning av eit interkommunalt ressurssenter på Luranetunet på Os. Senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom Os, Fusa og Samnanger. Det omfattar m.a. dei to interkommunale teama som skal arbeida for å førebyggja og behandla KOLS og diabetes.

Ordførarane Hans Vindenes (Fusa) og Marit Aksnes Aase (Samnanger) var med og opna senteret saman med varaordføraren i Os, Marie Bruarøy.

Sjå reportasje frå opninga på nettavisa Midtsiden.

Kontordagar i Fusa

Dei to teama har base på Luranetunet i vertskommunen Os. Teama skal også ha arbeidsdagar i Fusa og Samnanger. Dette vert fordelt i høve til folketalet. I Fusa skal teama ha kontor i 1. høgda på Helsesenteret i Eikelandsosen.

Sjå tidlegare artikkel om diabetes- og KOLS-tema.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30