Aktuelt frå kommunen

Idrett- og friluftslivsplan i kommunestyret

Frå Bygdastølen ski- og turanlegg - Klikk for stort bileteFrå Bygdastølen ski- og turanlegg Erik Vangsnes Fusa kommunestyre skal handsama tre saker på møtet sitt 8. mai: Digitale løysingar for dei folkevalde i Fusa kommune, ny forskrift om minsteareal for jakt på hjort i Fusa og kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2021.

Lesebrett til folkevalde

Rådmannen rår til at det vert kjøpt inn lesebrett til dei folkevalde. Det sparer arbeid med tilrettelegging, kopiering og utsending av sakspapir i tillegg til at utgiftene til porto vert redusert. Det er sett av midlar på investeringsbudsjettet for 2014 til dette.

Så langt i år har ein prøvd ein glidande overgang ved at politikarane har henta ned politiske saksdokument frå heimesida til kommunen på eigne datamaskiner og lesebrett. Samnanger har hatt ei liknande ordning som den rådmannen no tilrår, frå 2011.

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

Planen skal opp til endeleg handsaming i kommunestyret etter ein lang prosess. Planframlegget vart lagt ut til offentleg høyring i november i fjor etter vedtak i Utval for plan og miljø (UPM) med frist for innspel 1. februar i år. Det kom 12 innspel - sjå saksutgreiinga (PDF, 22 MB). Rådmannen rår til at planen vert endeleg godkjend med dei framlegga til endring som går fram av saksutgreiinga. Det same gjer UPM, Ungdomsrådet og Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne som har handsama saka. Sistnemnde råd uttaler at dei synest planen er omfattande og grundig, og at det er ein plan som har stor betyding for trivsel, helse og glede for alle bebuarane i Fusa kommune. Dei meiner dei mange tiltaka og tilboda og kan vera positiv reklame for folk som vurderer å flytta til kommunen.

Rådet trekkjer fram tre punkt som dei meiner er særs viktige og som rettar seg mot eldre og menneske med nedsett funksjonsevne: 1. Gang- og sykkelvegar med gatelys. 2. Lokalisering av fleirbrukshall. Rådet meiner hallen må byggjast i tilknyting til eksisterande idrettsanlegg ved barneskule / ungdomsskule / barnehage / bufellesskap og samfunnshus, då dette vil gjera det enklare å bruka hallen for personar med spesielle behov og nedsett funksjonsevne. 3. Universell utforming.

Fleirbrukshall

Det har i fleire år vore arbeidd med å få til fleirbrukshall i Fusa. Dette er òg slått fast i samfunnsdelen av kommuneplanen. Kommunedelplanen for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet konkluderer med at fleirbrukshallen bør innehalda desse anleggselementa: handballbane (inkl basket, volley), klatrevegg, sosialt rom, to gardrobesett og styrketreningsrom. Det vert òg tilrådd å byggja hallen i området ved Eikelandsosen idrettsplass. I følgje planframlegget er fordelen med denne plasseringa kontra Leiro:

  • Samlokalisering med andre idrettsanlegg, både private og kommunale
  • Samlokalisering med ungdomsskule og ein barneskule
  • Gangavstand for elevar ved Fusa vgs
  • Gangavstand til andre sentrumsfunksjonar
  • Godt med areal som alt er avsett til føremålet i gjeldande kommuneplan
  • Ein unngår konflikt med andre utbyggingsføremål slik ein får det på Leiro

Det heiter vidare i planen at "arbeid med ein situasjonsplan for utnyttinga av tilgjengeleg areal må starta opp samtidig som ny kommunedelplanplan er vedteken i mai 2014, slik at ein ikkje taper meir tid. Det må vera
eit mål at hallen skal stå klar til bruk seinast innan 2 år (2016). Endeleg romprogram, eigarform, driftsmodell og finansiering av bygg må avklarast parallelt med situasjonsplanen for området og leggjast fram i ei sak for kommunestyret 16.10. 2014. (..)
Avsette midlar til prosjekt fleirbrukshall kan nyttast til å utarbeida situasjonsplan for utvikling av området og til å leiga inn ekstern kompetanse til å kvalitetssikra planar for bygg og framtidig driftsmodell."

Det vert òg tilrådd å velja ei hurtigarbeidande fleirbrukshallnemnd med ordføraren som leiar, to representantar frå Fusa idrettsråd, ein frå Eikelandsfjorden idrettslag, ein frå Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne (Geir Inge Eide er vald med vara Steinar Berland) og ein frå Fusa ungdomsråd (Vegar Berget er vald).

Hjort

I framlegget til ny "Forskrift om minsteareal for jakt på hjort, Fusa kommune, Hordaland" vert det tilrådd at minstearealet for godkjenning av vald og fellingsløyve på hjort vert sett til 600 dekar for heile kommunen. Fusa kommune har hatt eit minsteareal på 450 da dei siste tre åra.

Fusa kommune fastsette forskrift om minsteareal for jakt på hjort i Fusa kommune i 2011. Det vart då vedteke at forskrifta skulle gjelda i 3 år. Ny forskrift må difor på plass no. Formålet med å setja ned mistearealet i 2011 var å få kontroll over veksten i hjortestamma. Før dette var minstearealet sett ned frå 1000 da til 600 da i 2008. Vurderingane i 2011 var at ein måtte endå lenger ned for å få kontroll med hjortestamma. Minstearealet vart då endra frå 600 da til 450 da.

Fusa kommune har hatt dette minstearealet i tre år, og i saksutgreiinga heiter det at vi no ser ein tendens til at ein har stansa veksten i hjortestamma, sjølv om det framleis er store variasjonar mellom ulike område i kommunen.

Sjå saksutgreiinga (PDF, 22 MB) for innspel frå høyringsinstansane i saka.

8. mai kl 18

Møtet i kommunestyret finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen torsdag 8. mai kl 18.00. Det er ope for alle interesserte. Sakspapira kan lesast på heimesida (PDF, 22 MB) eller i papirform i biblioteket i Kommunetunet.

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30