Aktuelt frå kommunen

Husmannsdag i Vinnesholmen

Kua Marion frå Djupviktunet er av gamal rase og dermed lita nok til å få plass i båsen i husmannsløa i Vinnesholmen. Alle elevane fekk prøvemjelka for hand. - Klikk for stort bilete Tonje Heldal

Alle 5. klassingane i Fusa har vore på husmannsdag i Vinnesholmen som del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto". Der fekk dei kjenna litt av det harde arbeidet på ein husmannsplass på kroppen. Dei mjelka for hand, bar høybør, saga og hogg ved, bar ved i kiper, rodde, laga smør og koka vassgraut. Leikar frå "før i tio" høyrer òg med. 

Husmannsdagen vert skipa til kvart år i slutten av april av Fusa kommune. Dette var sjette gongen. Elevane får prøva seg som husmenn for ein dag, under kyndig rettleiing av lokale bønder og frivillige medhjelparar. Dei får læra meir om husmannstida og husmannsvesenet, og korleis det var å vera husmann og småbrukar på ein holme i Fusa.

Fusa kommune takkar medhjelparane for den flotte innsatsen år etter år!

Bonde Magne Gjuvsland rettleidde elevane i korleis ein lagar høybør. | Fotograf: Tonje Heldal Alt måtte berast på husmannsplassen, der ein var utan hest og maskiner. Slik skal ei skikkeleg høybør sjå ut. Instruktør er bonde Magne Gjuvsland frå Djupviktunet. | Fotograf: Tonje Heldal Forkle må til når ein skal steikja lappar! | Fotograf: Tonje Heldal Her må det rørast! | Fotograf: Tonje Heldal
Kua Marion frå Djupviktunet er av gamal rase og dermed lita nok til å få plass i båsen i husmannsløa i Vinnesholmen. Alle elevane fekk prøvemjelka for hand. | Fotograf: Tonje Heldal Ragnhild Bjørke var med elevane og laga surmjølkslappar. | Fotograf: Tonje Heldal Ivrige jenter rundt steiketakka. | Fotograf: Tonje Heldal Kua Marion er med på husmannsdagen saman med eigaren Magne Gjuvsland frå garden Djupvik. Marion let seg mjølka av alle 5. klassingane! | Fotograf: EMBV
Ein gul og fin smørklatt vart resultatet av hardt arbeid med å rista smør av fløyte. | Fotograf: Tonje Heldal Før moloen kom måtte folket i Vinnesholmen i robåt for å koma seg til fastlandet. Elevane fekk prøva å ro både trebåt og plastbåt med Terje Søraas (biletet) og Hein Bondevik som instruktørar. | Fotograf: Tonje Heldal Væska som vert att når smøret har skilt seg ut under kinning - eller risting - av fløyte, vert kalla saup eller kinnemjølk. Dette er god drikke! | Fotograf: Tonje Heldal Ein fløyteskvett i eit syltetøyglas vert til smør berre ein ristar lenge og hardt nok, som desse fire ivrige jentene! | Fotograf: Tonje Heldal
Grautkokarane måler opp passeleg med byggmjøl til vassgrauten. | Fotograf: Tonje Heldal Ute på holmen fekk 5. klassingane prøva seg på veding med sag, øks og kiper. | Fotograf: Tonje Heldal Vedarbeid under kyndig leiing av bonde Olav Flølo. | Fotograf: Tonje Heldal Elevane fekk prøva nokre leikar frå "før i tio", m.a. vippa pinne. | Fotograf: Tonje Heldal

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30