Aktuelt frå kommunen

Hugs å respektera bandtvang for hund

Sauer på beite. - Klikk for stort bileteSauer på beite.  Folk går på tur som aldri før og turstiane i Fusa er mykje brukte. Samstundes er det husdyr på beite og det er svært viktig at turgåarar respekterer reglane for hundehald og bandtvang. Hugs også å lata att grinda etter deg!
 

Bønder har kontakta Fusa kommune for å få hjelp til å informera både fastbuande og feriegjester om kva reglar som gjeld. I Fusa er det bandtvang i perioden 1. april til 31. oktober. Dette går fram av lokal forskrift om sikring av hund. Brot på desse reglane er straffbart og kan enda med bøter. Det er ikkje fritt fram elles i året. I følgje Lov om hundehald skal lause hundar alltid bli følgde og kontrollert på ein aktsam måte. 

Eit aktivt landbruk og eit aktivt friluftsliv har same interesse i ta vare på eit levande kulturlandskap. Då må ein respektera kvarandre og for turgåarane inneber det at ein rettar seg etter dei reglar som gjeld og som er til for å trygga husdyr på beite både på innmark og i utmark.

Fusa kommune har fått laga informasjonstavler som denne våren skal setjast opp ved starten av etablerte turområde. På desse tavlene vert det informasjon om allemannsretten og reglar for ferdsel og bruk av utmark. Tekstane blir både på norsk engelsk og tysk. For å gjera det veldig tydeleg for publikum vert det i tillegg laga store synlege skilt med teksten: Bandtvang/ Lukk grinda.
 

God tur med hunden i band!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.04.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30