Aktuelt frå kommunen

Høyring for idrettsplan går mot slutten

Karate på Framo aktiv - Klikk for stort bileteKarate på Framo aktiv GROM

Høyringsperioden for utkast til Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2023 (PDF, 677 kB) går ut 1. februar. Alle innspel til planen må fremjast innan utgangen av januar. Planen tek for seg utviklinga av nye idrettsanlegg og friluftsområde, tilskotsordningar og tiltak for å fremja fysisk aktivitet. Kor skal fleirbrukshallen liggja? Kva kan ein gjera for å stimulera til meir fysisk aktivitet i skulen? Kor mykje tilskot skal idrettslaga få frå Fusa kommune for å driva ein krøllgrasbane?

Lange linjer og vilkår for spelemidlar

Denne kommunedelplanen bør ha stor interesse både for dei som frå før er engasjerte innan idrett og friluftsliv i Fusa og dei som tenkjer å bli det. Kommunedelplanen har eit langt tidsperspektiv: Her vert dei lange linjene lagt. 

Det vil vera eit vilkår ved seinare handsaming av søknader om statlege spelemidlar at prosjekta er komne med i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet (PDF, 677 kB).

Planen bør også engasjera dei med interesse i bygdeutvikling, fysisk forstring i skulen og generelt folkehelsearbeid m.m.

Innspel

Innspela i høyringsperioden kan verta avgjerande for den endelege politiske handsaminga av planen. Planen skal i siste innstans til Utval for plan og miljø og til endeleg vedtak i Kommunestyret.

Du kan også lesa planutkastet i papirutgåve ved ekspedisjonen i Kommunetunet.

Prosjektleiar for planen er kulturleiar Erik Vangsnes. Ta kontakt om du har spørsmål.

Innspel til planen skal sendast til: Fusa kommune, boks 24, 5649 Eikelandsosen eller postkasse@fusa.kommune.no

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30