Aktuelt frå kommunen

Hovudopptak barnehage, SFO og kulturskule 2014-2015

Nistepause i skogsbåten, Holdhus barnehage - Klikk for stort bileteNistepause i skogsbåten, Holdhus barnehage 1. mars er felles søknadsfrist for plass i barnehage, skulefritidsordning og kulturskule i Fusa kommune 2014/2015. Du finn elektroniske søknadsskjema til dei ulike tilboda her på heimesida. 

Barnehage

Hovudopptaket gjeld både dei kommunale barnehagane og den private barnehagen på Vinnes. Meir informasjon om barnehagane finn du på sida om barnehagetilbodet i Fusa kommune.

Ver merksam på at det berre er eitt opptak til barnehagane for barnehageåret 2014-2015, som følgje av innsparingane i barnehagesektoren vedtekne av kommunestyret 17.12.2013.

SFO

Det kjem til å vera skulefritidsordningar ved alle barneskulane i kommunen, dersom det er nok søkjarar. Tilbodet gjeld elevar frå 1.-4. klasse. Meir informasjon om SFO-tilbodet finn du på sida om skulefritidsordningane i Fusa.

Fusa kulturskule

Også kulturskulen har hovudopptak til skuleåret 2014-2015 med søknadsfrist 1. mars. Kulturskulen gjev opplæring individuelt og i små grupper på ulike musikkinstrument, i musikkteknologi, dans og "Musikk i livets begynnelse". Undervisninga er desentralisert til skulebygg rundt om i kommunen. Meir informasjon finn du på sida til Fusa kulturskule.

Ta kontakt med barnehage/SFO/kulturskule om du treng hjelp og rettleiing til å fylla ut søknadsskjemaet eller har andre spørsmål!

Søknadsskjema:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30