Aktuelt frå kommunen

Hopp i fjorden for TV-aksjonen

Logo for TV-aksjonen 19. oktober 2014, som går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. - Klikk for stort bilete

"Vatn endrar alt" er mottoet for årets TV-aksjon, der inntekta går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for å skaffa reint vatn til ein million menneske. I Fusa stiller lokale "kjendisar" med Liv Grete Skjelbreid i spissen opp og går i vatnet for den gode saka. 

Mål

Målet for TV-aksjonen i år er å samla inn nok pengar til å skaffa varig forsyning av reint vatn til over ein million menneske over heile verda. Tilgang til reint vatn der dei bur gjer at menneske overlever og held seg friske. Det gjer òg at kvinner og barn slepp å gå i fleire timar kvar dag for å henta vatn.

"Fusakjendisar" stiller opp

10 lokale "kjendisar" har sagt seg villige til å hoppa i fjorden tysdag 14. oktober kl 16 utanfor Fjord'n Senter - dersom fusingar flest, kollegaer og næringslivet i Fusa gir så det monnar til TV-aksjonen. Fjordbadarane er:

  • Liv Grete Skjelbreid
  • ordførar Hans S. Vindenes
  • John A. Kvinesland frå lensmannskontoret i Fusa
  • sokneprest Roar Strømme
  • bladfyk og ex-visekonge Morten Holmefjord
  • banksjef Jostein Djupvik
  • rektor ved Fusa vidaregåande Tor Johannes Hjertnes
  • ironman&triathlonutøvar Gudmund Snilstveit
  • einingsleiar for Undervisning Anne-Merete M. Hellebø
  • einingsleiar for Helse, familie og velferd Anne Skagseth

Ambassadør for TV-aksjonen 2014 Liv Grete Skjelbreid - Klikk for stort bileteAmbassadør for TV-aksjonen 2014 Liv Grete Skjelbreid EMBV

 

Vil du hoppa?

 

TV-aksjonsambassadør Liv Grete Skjelbreid og lokal aksjonsleiar v/Fusa frivilligsentral Bodil Samnøy oppmodar fusingane om å stilla opp og heia "fusakjendisane" i fjorden for den gode saka. Det vert høve til å by på dei under arrangementet og til å hoppa uti sjølv saman med Liv Grete.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.10.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30