Aktuelt frå kommunen

Hoem til Fusa

Edvard Hoem - Klikk for stort bileteEdvard Hoem

Fusa folkebibliotek har presentert programmet for Torsdagsakademiet denne hausten. Første kvelden torsdag 25. september blir det storfint besøk av Edvard Hoem.

Slåttekar i himmelen
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Han nådde ut til ein stor lesarkrins med den sjølvbigrafiske boka ”Mors og fars historie" i 2005. Dei siste åra han gjeve ut ein biografi om Bjørnstjerne Bjørnson som førebels er komen ut i tre band. I haust kjem Hoem med første boka i ein serie der stoffet er henta frå norsk utvandring til Amerika. Publikum i Fusa får også høyra smakebitar frå denne boka som har fått tittelen "Slåttekar i himmelen".

Arven etter 1814 og Bjørnson
I Fusa vil han i hovudsak snakka om Bjørnstjerne Bjørnson og arven etter 1814. I følgje Hoem var Bjørnson hovudarkitekten for den demokratiske utviklinga i Norge får 1850 til 1905, men Bjørnson var også skandinavist. Kva var det Bjørnson drøymde om? Ikkje nødvvendigvis eit sjølvstendig Norge, han ville ha sjølvstende eller likestilling i den unionen som var. Besøket i Fusa er ein lekk i ein liten Hordalandsturne der han også skal til Os og Vaksdal. I Fusa skal han på dagtid torsdag halda eit aulaforedrag for elevar på Fusa vidaregåande skule.

Nordiske viser
Den neste kvelden vert 16. oktober med nordiske viser frå visegruppa Smooth operators, der det også blir høve til å syngja med.

Øyvind Strømmen
6. november kjem journalist og forfattar Øyvind Strømmen frå Samnanger. Strømmen har store kunnskapar om dei høgreekstreme miljøa både i Noreg og i Europa og var mykje framme i media som ekspertkommentator etter terroren 22. juli 2011. Han har skrive bøker om temaet. Han har bakgrunn som journalist, der han m.a. har skrive for Os og Fusaposten. Dei siste åra har han vore freelancer. I det siste har han skrive m.a. om dei høgreekstreme kreftene i Ukraina.

Er krim samtidslitteratur?
Sist ut er Gunnar Staalesen 27. november der vi reiser spørsmålet; er krim også god samtidslitteratur?

Alle programma er i Fusa folkebibliotek sine lokale i Kommunetunet i Eikelandsosen. Programstart kl 19.00 om ikkje anna er annonsert. Inngang kr 100. Ope for alle interesserte.

Edvard Hoem - Klikk for stort bileteEdvard Hoem

 


 

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30