Deltakarane fekk låna leiker frå Trivselprogrammet som fleire av fusaskulane er med i. SFO-leiar Linda Ann Lohne fortel at desse leikene var populære og blei brukt mykje.
"Ellers har vi hatt dyrevennkonkurranse (med eklekasse), aktivitetar i gymsalen og ein tur til Sjøfartsmuseet i Bergen. På sjøfartmuseet blei vi møtt av ein sjørøvar som delte ut skattekart. Barna var ivrige med å leita etter skatten, og alle klarte det til slutt. Tatovering blei utdelt som premie," fortel Lohne.
Haustferie-SFO-veka vart avslutta med film og popcorn. SFO-leiaren oppsummerer slik: "Ei flott veke med kjekke barn, og mange vennskap blei knytta".