Aktuelt frå kommunen

Glade idrettsdagar

1.-4. klasse frå Søre Fusa skule gjer seg klare til fotballkamp - Klikk for stort bilete1.-4. klasse frå Søre Fusa skule gjer seg klare til fotballkamp

På tampen av skuleåret er det idretts- og aktivitetsdagar kringom på skulane. Søre Fusa skule på Baldersheim har tradisjon for ein tvekamp med Ølve Montessoriskule. I år var idrettsdagen på Selvågen idrettsplass på Nordtveit.

Tysdag 3. juni var det  klart for den årlege tvekampen mellom Søre Fusa og Ølve. Nærare bestemt elevane ved Søre Fusa oppvekstsenter og Ølve montessoriskule. I år var det Søre Fusa som var vertskap.

Klokka 09.00 kom elevane frå kvar sin kant saman med resten av lærarane ved skulane.  Det sto om ære og napp i ein vandrepokal. Kven ville stå att med samanlagtsigeren – ville det bli gjengen frå Ølve, eller dei frå Søre Fusa? 76 elevar var klare til dyst. Dei vart delte inn i tre grupper og starta leikane. Tider og lengder for kvar elev vart nøyaktig registrert. I tillegg til konkurransen om  samanlagtsigeren, konkurrerte kvar og ein  med seg sjølv – kor mykje betre enn i fjor hadde ein blitt? Resultatlistene vart leverte til sekretariatet etter kvar øving.  Dei las tabellar og rekna ut poeng for kvar enkelt elev.

Medan sekretariatet gjorde sin jobb, avslutta elevane leikane med fotballkamp. Alle dei 76 elevane fekk ein is som premie for framifrå innsats. Det gjorde godt i varmen. Berre 63,48 poeng skilde dei to skulane i kampen om vandrepokalen. Søre Fusa trakk det lengste strået - denne gongen – og vann samanlagtsigeren. 

Søre Fusa jobbar godt i forsvar. 1.-4. klasse frå Søre Fusa gjer seg klare til fotballkamp. Kristine Nordtveit Marilen Lygre i svevet. Anders Torgilstveit registrerer lengda.
Alle er samla for å høyra dagens resultat. Sekretariatet i arbeid. Hein Bondevik, Marie Nordtveit, Maud Markhus og Britt-Mari Gjerde

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.06.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30