Aktuelt frå kommunen

Fusakalenderen 2015

Hodnaløo ved Heiheillerhorn. - Klikk for stort bileteHodnaløo ved Heiheillerhorn. Atle Fossås "Mitt Fusa 1814-2014" er temaet for Fusakalenderen 2015. Fristen for å senda inn bilete er 5. oktober.

Bruk kreativiteten
For 2015 har ein opna for at motivet til Fusa-kalenderen kan vere noko anna enn eit landskapsbilete, og vera eit motiv som set fokus på kva som er typisk for Fusa. Det kan vere bilete frå naturen i Fusa, bygg, stader, men også folk og hendingar. Fusa-bunaden har anar tilbake til 1814, 17.mai 2014 var spesiell, eller andre motiv knyt til Fusahistoria!

Raska på!
Fristen i år for å sende inn bilete er 5. oktober 2014. Bileta må vere av god kvalitet, og dei kan sendast per epost til fusasokn@fusa.kommune.no., eller på CD til Fusa kyrkjekontor, postboks 73, 5649 EIKELANDSOSEN.

Premiepengar
Vinnaren av fotokonkuransen får motivet sitt på kalenderen og vil få utbetalt kr 2.000,- i premiepengar. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du har spørsmål.

Soknerådet står bak
Fusa sokneråd er utgjevar av Fusa-kalenderen og overskotet frå kalendersalet går til det lokale barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden.
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30