Aktuelt frå kommunen

Fusa på topp i Hordaland

Kommunebarometer 2014-Hordaland.jpg - Klikk for stort bileteKommunebarometer 2014-Hordaland.jpg Fusa toppar fylkeslista i den endelege utgåva av Kommunebarometeret for 2014. Barometeret er ei rangering av tenestetilbodet i kommunane. På landsbasis ligg Fusa på 26. plass. Den fullstendige rapporten for Fusa er no klar.

Stabil topplassering

Fusa kommune har plassert seg stabilt i toppen av Kommunebarometeret dei fem åra det har vore utarbeidd. Det er særleg god plassering innan grunnskule og eldreomsorg - to store sektorar som veg tungt i samanlikninga - som medverkar til den gode totalplasseringa. Rapporten peikar òg på at det ser ut til at kommunen driv rimelegare enn før målt mot eiga kommunegruppe. Det syner plasseringa innan "enhetskostnader", som er langt betre enn før.

Rangering, ikkje vurdering

Kommunebarometeret er utarbeidd av Kommunal Rapport, hovudsakleg på bakgrunn av KOSTRA-tal for året før. Målet er å gje eit oversiktleg bilete av korleis kommunen sine nøkkeltal er i forhold til resten av Kommune-Noreg. Det er viktig å understreka at Kommunebarometeret er ei rangering av kommunen sine tenester i høve til andre kommunar, ikkje ei vurdering av om tenesta er god nok eller ikkje. Rangeringa til kvar kommune vert gjort etter at det er teke omsyn til inntektsnivå.

Hovudutfordringar

I Kommunebarometerrapporten for Fusa vert det peika på følgjande hovudutfordringar og konklusjonar:

  • Litt liten samanheng mellom nasjonale prøvar på 8. og 9. trinn, og avgangskarakterane
  • Over tid får færre gamle tenester, er det fordi dei blir friskare, eller blir lista lagt høgare?
  • Langt fleire fristbrot i barnevernet i fjor. Bemanninga aukar – men er framleis svært låg
  • Korrigert netto driftsresultat er i pluss, men det må meir til for å få god balanse i økonomien
  • Heimetenesta framstår som dyr per brukar – men det skuldast omfanget: Kvar time ser ut til å bli levert svært effektivt

Presterer kommunen så godt som økonomien tilseier? vert det spurd i Kommunebarometerrapporten. Konklusjonen er klar: Fusa har sidan 2010 betre plassering enn det den korrigerte inntekta til kommunen skulle tilseia.

Snarveg

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30