Aktuelt frå kommunen

Fusa kommune i gang med Ehandel

Logoen til ehandelsprosjektet: Ein "e" oppi ei handlekorg og forkortinga EHP - Klikk for stort bilete Fusa kommune er ein av deltakarane i Ehandelsprosjekt Hordaland, som starta opp i vår. No er første elektroniske innkjøp gjennomført gjennom dette bestillarverktøyet.  

Innkjøpssamarbeid

Fusa er saman med fleire andre kommunar i fylket med i eit innkjøpssamarbeid som Bergen kommune organiserer. Til saman er tjue offentlege verksemder i regionen med på dette.

Tolv av samarbeidspartane og tre andre kommunar deltek no i eit Ehandelsprosjekt som er støtta av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Hovudmålet er å bidra til implementering og drift av Ehandel hjå deltakarane. Prosjektet starta 1. mars i år og held på fram til 28. februar 2015.

Elektronisk handel

I første omgang skal alle medlemer i samarbeidet gjerast i stand til å handla elektronisk via Ehandelsplattforma, og gjera sine bestillingar innan utvalde rammeavtalar innanfor innkjøpssamarbeidet. Vidare har samarbeidet ambisjonar om å gjera majoriteten av sine bestillingar innan rammeavtalane via Ehandelsplattforma.

Målet med denne innretninga er å oppnå større volum av elektronisk handel raskare. Det skal verka motiverande og gi betre lønnsemd både for leverandørmarknaden og for verksemdene sjølve. Små og mellomstore offentlege verksemder vil nyta godt av dette gjennom enklare leverandørtilslutning og erfaringsoverføring frå større verksemder.

Deltakarar

Deltakarane i prosjektet er kommunane Os, Kvam, Fusa, Fedje, Modalen, Vaksdal, Meland, Lindås, Osterøy, Masfjorden, Radøy og Austrheim. I tillegg er Konkurransetilsynet, Havforskningsinstituttet og Akasia med.

No er Fusa ein av deltakarane som har nådd den viktige milepælen å gjennomføra si første elektroniske bestilling.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30