Aktuelt frå kommunen

Fusa i farten 2014

Elevar ved Eikelandsosen skule øver til Dansens dag. - Klikk for stort bileteElevar ved Eikelandsosen skule øver til Dansens dag. Olav Aarvik Årets Fusa i farten-periode er i gang! Fusa i farten er eit arbeidsmiljøfremjande tiltak for dei tilsette i Fusa kommune. I aksjonsvekene 22. april-15. juni set vi ekstra fokus på å vera meir i fysisk aktivitet, og det skjer diverse rundt om på arbeidsplassane. På Eikelandsosen skule markerte dei "Dansens dag" i slutten av april.

Trivselsdans

Trivselsleiarane på Eikelandsosen skule inviterte alle elevar og tilsette med for å markera "Dansens dag" tysdag 29. april. Trivselsleiarane (TL) har gjennom heile året leia ulike leikar og andre aktivitetar i friminutta, mellom anna forskjellige TL-dansar, og eit par av desse vart brukt for å markera "Dansens dag". Det er tydeleg at mange av elevane har vore med på å dansa desse om att og om att, fortel rektor Olav Aarvik og melder om både flott dansing og flott engasjement!

Varierte aktivitetar

Danseøkta markerte starten på ein ny periode med fokus på "Fusa i farten" på Eikelandsosen skule. Dei tilsette har planlagt ulike aktivitetar, m.a. ei volleyballøkt og småturar, og heile skulen legg opp til fjelltur, aktivitetsdag og fotballturnering. Nokre klassar er med på "Hopp for hjertet", der elevane får poeng for å hoppa hoppetau.

Fusa i farten på Facebook

Det er oppretta ei opa gruppe på Facebook for Fusa i farten 2014, der du kan dela og finna aktivitetar, tips og foto.

Sjå og nyttige tips til 5-minuttars pausegym i kontorkvardagen, treningsprogram med Yngvar og mål for ditt Fusa i farten her på heimesida

 

.

Elevar øver på "trivselsdansar" til Dansens dag 29.4.2014. - Klikk for stort bileteElevar øver på "trivselsdansar" til Dansens dag 29.4.2014. Olav Aarvik Elevar øver på "trivselsdansar" til Dansens dag 29.4.2014. - Klikk for stort bileteElevar øver på "trivselsdansar" til Dansens dag 29.4.2014. Olav Aarvik

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.07.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30