Aktuelt frå kommunen

Fusa først i Noreg

Fusa idrettsråd. Frå venstre Anette Berge, Martin Aarseth, Liv Nyheim Kilen, Richard Markhus og Raymond Horne - Klikk for stort bileteFusa idrettsråd. Frå venstre Anette Berge, Martin Aarseth, Liv Nyheim Kilen, Richard Markhus og Raymond Horne Erik Vangsnes

Fusa er første kommune i landet der alle idrettslaga har slutta seg til kampanjen for dopingfri idrett. På siste styremøte fekk dei blomehelsing og gratulasjonar frå fylkesidrettssjef og fylkeskultursjef. Det lokale antidopingarbeidet er blitt lagt merke til, men idrettsrådet kviler ikkje på laurbæra.

Alle IL er med

I Fusa har 10 av 10 idrettslag registrert seg som aktive i kampanjen for reine idrettslag. Idrettsrådet i Fusa skal ha stor honnør for den jobben dei har gjort lokalt med denne aksjonen, seier Anne-Kristin Aas ved Hordaland idrettskrets. Ho er veldig begeistra for at det vart ein Hordalandskommune som vart først i landet til å få alle idrettslaga med. Dei har gjort ein kjempejobb og dette er til stor inspirasjon for andre lokale idrettsråd, seier Aas.

Fusa idrettsråd sparka i gang aksjonen lokalt i samarbeid med folkehelsekoordinator i Fusa kommune med ope møte 21. november.

Rein skule

Fusa idrettsråd ønskjer å følgja opp antidopingarbeidet også i grunnskulen og den vidaregåande skulen i Fusa. Dei har vore pådrivarar for å få aksjonen "Rein skule" til Fusa. Hordaland fylkeskommune har eit eige samarbeidsprosjekt med Antidoping Norge om førebyggjande arbeid i skuleverket: "Rein skule". 

Jan de Lange som var i Fusa i november, skal tilbake til Fusa vidaregåande skule og snakka om antidopingarbeid no på nyåret, og dette foredraget vert også ope for elevar i 10. klasse på ungdomsskulen.

Fusa kommune ønskjer lukke til!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30