Aktuelt frå kommunen

Frode Grytten i Torsdagsakademiet

Frode Grytten kjem til Fusa torsdag 30. januar - Klikk for stort bileteFrode Grytten kjem til Fusa torsdag 30. januar

Torsdag 30. januar vitjar forfattar og journalist Frode Grytten Torsdagsakademiet på Fusa folkebibliotek i Eikelandsosen. Han vil då lesa frå bøkene sine og fortelja om forfattarskapet.
 

Grytten er opphavleg frå Odda og debuterte som forfattar i 1983. Han har skrive både romanar, noveller, dikt og barnebøker. Det meste på nynorsk.

Prisar og strålande kritikkar

Han har motteke mange prisar for sitt forfattarskap, og novellesamlinga Bikubesong fekk Brageprisen i 1999. Boka var også nominert til Nordisk råds litteraturpris. Bikubesong vart ein stor suksess, både boka og det seinare teaterstykket med same namn.

Den siste utgjevne boka av Frode Grytten, romanen ”Brenn huset ned”, kom i 2013 og har fått veldig god mottaking.

Høyr og lån!

Nytt sjansen til å få høyra ein av landets mest spennande forfattarar i biblioteket på Kommunetunet!

Biblioteket har dei fleste bøkene av forfattaren og desse vert stilt ut. Det vert enkel servering. Arrangementet tek til kl 19.00. Inngang: kr 100.

Arrangementet er eit samarbeid med kunstnarorganisasjonen Framfus og er støtta av Fritt Ord.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30