Aktuelt frå kommunen

Fritidsmønstring laurdag 27. september

Skatekurs under fritidsmønstringa september 2013. - Klikk for stort bileteSkatekurs under fritidsmønstringa september 2013. Erik Vangsnes

Laurdag 27. september er det klart for ny Fritidsmønstring i Fusa. Tema i år er sang, musikk og dans. Det blir dansekurs, korverkstad for dei som ikkje syng i kor og informasjon frå lokale song og musikklag. Ein gjer merksam på at tidene for dansekursa er noko endra.

Det blir garantert folkeliv på Leiro i Eikelandosen laurdag. Fjord'n senter arrangerer Markens grøde med mange utstillarar og salsboder. Sauebøndene i Fusa arrangerer verakåring og kulturlivet mønstrar på med song, dans og musikk.
 


Opning i senteret
Den offisielle opning av Fritidsmønstringa og Markens grøde skjer på Fjord'n senter kl 11.15. Her medverkar både Fusa seniordanslag og Eikelandsosen barnekor.

Dansekurs
Fritidsmønstringa byr i år på aktivitetar for både store og små. Dansekurset for ungdom startar kl 11.30 i gymsalen på Fusa vidaregåande skule. Med proff instruktør frå Bergen dansesenter får du innføring i populære moderne danseformer. For barnetrinnet var det stor pågang og gruppa er delt i to. 1.-4. klasse frå kl 13.15-14.15 og 5.-7. klasse frå kl 14.30-15.30. Det er ledig plass på alle kursa og mogeleg å henga seg på.

Kor artig
Dei som vil prøva seg som korsongarar må vera vakne! Kor(t)pusten inviterer deg som ikkje syng i kor til korverkstaden "Kor artig" i amfiet på Fusa vgs kl 13.00 under leiing av deira dirigent Maria Lister Midtrød.

Knyt kontakt
Heile dagen frå kl 10.00 vil lokale song, dans og musikklag vera tilgjengelege i Glasgato i Kommunetunet. Her kan du få informasjon og knyta kontaktar. I tida 10-14 er det også laurdagsope bibliotek.

Fritidsmønstringa blir arrangert på tredje året og er eit samarbeid mellom Fusa frivilligsentral, Fusa kommune, Fjord'n senter og Fusa vidaregåande skule.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30