Visste du at Fusa kommune kan tilby trening, motivasjon og bra-mat-kurs som del av dei kommunale helsetenestene?
Frisklivsarbeid handlar om å hjelpa menneske som har, eller står i fare for å utvikla, livsstilssjukdomar. Frisklivstilbod hjelper og støttar personar som ønskjer å endra levevanar knytt til fysisk aktivitet og kosthald gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod. Nivået er tilpassa kvar enkelt deltakar.
Frisklivstilbodet omfattar m.a. motivasjonssamtalar, 12 veker med gruppetrening leia av fysioterapeutar og bassengtrening. I tillegg er det tilbod om å delta på inspirasjonskurset "Bra mat", der fokus er å auka motivasjonen til å oppnå eit varig sunnare kosthald.
Tilbod hausten 2014
-
Treningsgruppe: Oppstart september (gratis) - tysdagar og fredagar kl 09.00 (12 veker)
-
Bassengtrening med instruktør: Torsdagar kl 14.00 – Framo aktiv (billettpris), fredagar kl 14.00 – Fusa symjehall (billettpris)
-
Bra Mat-kurs: (kr 250), oppstart september, 5 kveldar à 2 timar