Aktuelt frå kommunen

Frisklivstilbod i Fusa

Utsnitt av framsida til brosjyra om frisklivstilbod i Fusa kommune. - Klikk for stort bileteUtsnitt av framsida til brosjyra om frisklivstilbod i Fusa kommune. Visste du at Fusa kommune kan tilby trening, motivasjon og bra-mat-kurs som del av dei kommunale helsetenestene? Frisklivstilbodet (PDF, 626 kB) vart prøvd ut for første gong i haust, og no er ei ny gruppe med 11 deltakarar i gang med vårtilbodet. Det er ikkje for seint å bli med!

Frisklivsarbeid handlar om å hjelpa menneske som har, eller står i fare for å utvikla, livsstilssjukdomar. Frisklivstilbod hjelper og støttar personar som ønskjer å endra levevanar knytt til fysisk aktivitet og kosthald gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod. Nivået er tilpassa kvar enkelt deltakar.

 

Frisklivstilbodet omfattar m.a. motivasjonssamtalar, 12 veker med gruppetrening leia av fysioterapeutar og bassengtrening. I tillegg er det tilbod om å delta på inspirasjonskurset "Bra mat", der fokus er å auka motivasjonen til å oppnå eit varig sunnare kosthald.

Meir informasjon finn du i "Frisklivsbrosjyra" (PDF, 626 kB)!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.04.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30