Aktuelt frå kommunen

Forskarsuksess for Holdhus oppvekstsenter

Gjengen frå Hålandsdalen - Klikk for stort bileteGjengen frå Hålandsdalen Holdhus oppv.senter

Laurdag deltok 6.-7. trinn ved Holdhus oppvekstsenter i Hordalands-turneringa i teknologi, forskings- og profileringskonkurransen First Lego League (FLL). Resultatet vart fantastisk: 1. plass i forsking og marknadsføring, 5.plass i robotkøyring, nominert for beste samarbeid og til årets champion. Samla vart det ein flott 2.plass i heile konkurransen. Fusa kommune gratulerer dei unge forskarane! 

Her kan du lesa kva Maria Midtrød, som er lærar for dei unge forskarane saman med Elin Eikeland Rød, skriv om deltakinga i First Lego League-turneringa: 

First Lego League

 

"Laurdag var det duka for den store regionsfinalen i First Lego League (FLL) i Bergen. FLL er ein internasjonal kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn i alderen 10-16 år. Elevane konkurrerer i fem kategoriar: Forsking, marknadsføring, samarbeid, teknologi (oppbygging og programmering av ein autonom LEGO-robot) og robotkøyring. Arbeidet går over åtte veker, og på Holdhus har me jobba fem timar i veka med dette. Alt arbeidet er fundamentert i Kunnskapsløftet, så dette er ein annleis måte å jobba med kompetansemål på.

Det var ein spent gjeng som sette seg på bussen klokka 06.30 laurdag morgon. I fjor vann me prisen for beste forsking, i år var hovudmålet: Ein flott dag med gode opplevingar for alle. Og så håpa me på ein nominasjon!

Problemstilling for forskinga

Etter innmarsj og opningsseremoni var forskarane først ute med sin presentasjon. I år var FLL-temaet: World Class – korleis forbetra læring i framtida. Vårt lag hadde følgjande problemstilling: Korleis forbetra måten barn og unge lærer økonomi på. Ut frå denne forskinga skulle forskargruppa komma fram til ei innovativ løysing.

Økonomi-app og smartboard

Forskargruppa har laga ein prototype på ein app til barn og foreldre, der barn og unge kan læra av foreldra via appen i tillegg til at dei kan ha kontroll over eige budsjett. Dette presenterte forskargruppa på ein framifrå måte og nytta smartboard-teknologien i presentasjonen. Dette fekk dei mykje skryt for.

Marknadsføring

Marknadsføringsgruppa hadde som oppgåve å profilera laget før, under og etter turneringa. Kvart lag har ein ”pit” der alle forbipasserande kan sjå, høyra og lesa om laget. Dei skulle ha med kven me er, kor me kjem i frå, noko som er spesielt for heimstaden vår, og dei skulle presentera alle delane av FLL-arbeidet vårt.

I år var ein av dommarane engelskspråkleg. Då den norske dommaren skulle omsetja eit spørsmål frå han, tok ei av marknadsførarane og svarte elegant på engelsk i staden. Marknadsførarane viste seg som ein smilande, triveleg gjeng frå Hålandsdalen, og presenterte på ein framifrå måte.

Robot

Teknologigruppa hadde hovudfokus på roboten. Legoroboten vår bygde dei på ein hensiktsmessig måte med tanke på dei oppgåvene den skulle utføra på ein gitt robotbane. Programmeringsverktøyet er på pc, og blir overført til roboten via kabel. Når roboten køyrer, er det ikkje lov å røra han.

Dette er svært spennande å følgje med på. Nøyaktigheit, presisjon, gode berekningar, og ikkje minst fokus i ein stressa situasjon er gjeldande. I fjor kom me på 12. plass i robotkøyring. I år avanserte me og kom til mellomrundane. Me greidde til slutt ein flott 5. plass i robotkøyringa.

Medaljedryss

Dagen vart avslutta med medaljeutdeling, og ikkje minst: Offentleggjering av dei nominerte og til slutt vinnarane i kvar kategori. Jubelen sto i taket då me skjønte at me hadde vunne marknadsføringsprisen! Om ikkje det var nok, vann me jammen meg forskingsprisen òg.

Me vart nominerte for beste samarbeid – og sist, men ikkje minst, vart me nominerte som årets champion (totalvinnar). Der kom me på ein flott 2. plass! 

Flotte ambassadørar

Elevane frå Holdhus oppvekstsenter representerte Fusa og Hålandsdalen på ein svært god måte. Dei er trivelege, venlege og dyktige. 

Det var ein jublande gjeng som vart møtt av foreldre på Holdhus klokka 18.30 laurdag kveld etter ein lang og fantastisk dag på årets FLL-turnering. Pokalane står i klasserommet, og me gler oss stort over dei fantastiske resultata me fekk som lag!"

Elevane frå Holdhus oppvekstsenter presenterer forskingsoppgåva si for dommarar og publikum. | Fotograf: Holdhus oppv.senter Gruppebilete av den jublande gjengen frå Holdhus oppvekstsenter. | Fotograf: Holdhus oppv.senter Tre smilande jenter med medaljer og prisar. | Fotograf: Holdhus oppv.senter Elevane i marknadsføringsgruppa til Holdhus oppvekstsenter på sin "stand" under First Lego League. | Fotograf: Holdhus oppv.senter
Fotograf: Holdhus oppv.senter Marknadsføringsgruppa frå Holdhus oppvekstsenter presenterer seg. | Fotograf: Holdhus oppv.senter Elevane køyrer robot på konkurransebordet, medan det heile vert vist på storskjerm. | Fotograf: Holdhus oppv.senter Fotograf: Holdhus oppv.senter
Dei stolte elevane i forskargruppa viser fram prisen dei vann - med medaljer rundt halsen og store smil. | Fotograf: Holdhus oppv.senter Elevane i marknadsføringsgruppa har fått medaljer rundt halsen og viser jublande fram 1. prisen.  | Fotograf: Holdhus oppv.senter
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30