Aktuelt frå kommunen

Formannskapet sitt budsjettframlegg for 2015

Assortert utval av norske pengesetlar. Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bilete Formannskapet vedtok si tilråding til budsjett for 2015 (PDF, 2 MB) og handlingsplan med økonomiplan for 2015-2018 i møte 26.11. Budsjettframlegget omfattar også avgiftsbudsjett for 2015. Kommunestyret fattar endeleg vedtak 18.12.

Endringar

I høve til rådmannen sitt budsjettnotat har formannskapet gjort følgjande endringar:

  • Eigedomsskatt bustad- og fritidseigedomar - auka sats til 3 promille: 2,125 mill ekstra inntekt
  • Eigedomsskatt verk og bruk - nytaksering: 1 mill ekstra inntekt
  • Skatteanslag - auka med kr 2 mill
  • Endra driftsramme Undervisning: minus kr 200 000
  • Endra driftsramme Heimetenester - framleis dagsenterdrift på Baldersheim: pluss kr 350 000
  • Endra driftsramme Samfunnsutvikling, økonomi og service - taksering eigedomsskatt: pluss kr 200 000
  • Fusa sokneråd: pluss kr 70 000

Auka nedbetalingstid og redusert rentesats

Rådmann og ordførar hadde 18.11. drøftingsmøte med Fylkesmannen for å sjå på alternative tiltak for å få budsjett og økonomiplan i hamn. I samsvar med dette la rådmannen fram eit notat med alternativ økonomiplan der nedbetalingstida for kommunen sine lån er auka slik at satsen på avdrag vert redusert frå 4 til 3,5 %. Der vert det òg rekna med ein lågare rentesats enn tidlegare berekna: 2,75 % (mot 3  % før). Formannskapet tilrår denne reduksjonen.

Offentleg ettersyn

Formannskapet sitt budsjettframlegg ligg no ute til offentleg ettersyn både i digital versjon her på heimesida (PDF, 2 MB) og i papirform i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Eventuelle merknader må vera mottekne i postkasse@fusa.kommune eller ekspedisjonen i Kommunetunet seinast kl 12.00 onsdag 17.12.2014.

Ope kommunestyremøte

Kommunestyret fattar endeleg vedtak i budsjettsaka torsdag 18.12.2014. Kommunestyremøtet er ope for alle interesserte. Innkalling med sakspapir vert lagt ut på heimesida og i biblioteket i Kommunetunet om lag ei veke før møtet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30