Aktuelt frå kommunen

Folkemøte om E 39 Stord-Os

Vegskilt E 39 - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune inviterer til folkemøte om ny E 39 mellom Stord og Os og nye fylkesvegsamband knytt opp mot denne på Tysnes 1. desember, på Stord 2. desember og i Os 3. desember.

Statleg plan

Ny E 39 Stord-Os, med avklaring av trase med kryssing av Bjørnafjorden med bru mellom Tysnes og Os, og vidare kryssing av Langenuen til Stord, skal fastleggjast gjennom statleg plan. Hordaland fylkeskommune melder på si nettside at Statens Vegvesen har starta opp arbeidet med planprogram for strekninga.

Store konsekvensar

På fylkeskommunen si nettside vert det understreka at nytt samband mellom Stord og Os vil kunna få store konsekvensar for fylket. Det heiter vidare: "Fylkeskommunen vil ha ei aktiv rolle i arbeidet med den statlege planen, særleg med tanke på å sikra gode tverrsamband og påkoplingspunkt langs ny E 39. Fylkesutvalet har difor vedteke å starta eit arbeid med eit muligheitsstudium med framlegg til samband og tilknytingar på fylkesvegnettet til E 39 mellom Os og fylkesgrensa til Rogaland med utgangspunkt i ei vurdering av regionale utviklingsbehov. Dette arbeidet er venta å starta opp om lag 1. desember i år og vera ferdig 1. mai 2015."

Ønskjer innspel

For å få innspel til arbeidet, har Statens Vegvesen og fylkeskommunen gått saman om å arrangera tre folkemøte:

 

Tysnes: Måndag 1. desember kl 18.00 i Grendatun, Uggdal
Stord: Tysdag 2. desember kl 17.30 i Stord Kulturhus, Leirvik
Os: Onsdag 3. desember kl 19.00 i Oseana, Os

Regionvegsjef Helge Eidsnes og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen innleier på desse møta.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30