Aktuelt frå kommunen

Fokus på språk og lesing

Arbeidsgruppa for PULS, f.v. Solveig Tuft, Gunnveig Åkre, Svanhild H. Riise, Maria L. Midtrød og Anne-Ma A. Malkenes. Arild Matland var ikkje tilstades då bilete vart teke. - Klikk for stort bileteArbeidsgruppa for PULS, f.v. Solveig Tuft, Gunnveig Åkre, Svanhild H. Riise, Maria L. Midtrød og Anne-Ma A. Malkenes. Arild Matland var ikkje tilstades då bilete vart teke. Erik Vangsnes

Fusa kommune har fått ny plan for systematisk arbeid med språk- og lesedugleik. Planen har fått namnet PULS (Plan for Utvikling av Lesing og Språk). 

Våren 2014 tok einingsleiarane for barnehage og skule initiativ til å danna ei gruppe som skulle laga ein lesedugleiksplan. Ei arbeidsgruppe av pedagogar frå barnehage, skule og PPT vart sett saman. Arbeidsgruppa fekk i oppdrag å laga ein plan som skal gjelda frå barnet startar i barnehagen til eleven går ut av ungdomsskulen. Alle tilsette i barnehagar og skular i Fusa kommune skal nytta planen i eit systematisk arbeid med utvikling av språk- og lesedugleik. 
 
Eit felles mål i 2015 for barnehagane og skulane er å ta i bruk den nye planen. 7. januar 2015 hadde arbeidsgruppa, PPT-tilsette og leiarane i barnehagar og skular ein fagdag, som markerte startskotet for å setja planen ut i live.
 
 
 
 
 
 
 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 08.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30