Aktuelt frå kommunen

Fjordhoppsuksess for TV-aksjonen

Ordførar Hans S. Vindenes satsa på hopp med tilløp, i raud-grøn hue. - Klikk for stort bileteOrdførar Hans S. Vindenes satsa på hopp med tilløp, i raud-grøn hue. Fredrik Thorsen

Strålande haustvêr og eit entusiastisk publikum møtte dei utskremde "fusakjendisane" som tysdag 14. oktober hoppa i fjorden til inntekt for TV-aksjonen "Vatn endrar alt". Tilskipinga skaffa over kr 36 000 til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med å gje ein million menneske varig tilgang til reint vatn.

Takk!

Leiaren for den lokale TV-aksjonekomitéen, og Frivilligsentralen, Bodil Samnøy er strålande nøgd med både arrangementet og resultatet: "Alt var berre så gøy, folk kosa seg, og dette gav verkeleg resultat!"

Ho ønskjer å retta ei varm takk til TV-aksjonsambassadør Liv Grete Skjelbreid og dei sporty hopparane: ordførar Hans S. Vindenes, John A. Kvinesland frå lensmannskontoret i Fusa, sokneprest Roar Strømme, bladfyk og ex-visekonge Morten Holmefjord, banksjef Jostein Djupvik, rektor ved Fusa vidaregåande Tor Johannes Hjertnes, einingsleiar for Undervisning Anne-Merete M. Hellebø og einingsleiar for Helse, familie og velferd Anne Skagseth.

"Takk også til næringslivet i Fusa og til publikum som har gitt bod på hopparane, vore med og hoppa sjølve og støtta aksjonen med gevinstar," seier Samnøy.

Ta vel imot bøsseberarane

Det er enno ikkje for seint å støtta aksjonen. Søndag 19. oktober er sjølve TV-aksjonsdagen. Bodil Samnøy oppmodar fusingane om å ta vel imot bøsseberarane søndag ettermiddag.

Mykje folk hadde møtt fram for å heia og by på hopparane. | Fotograf: Fredrik Thorsen Hans S. Vindenes får kjenna kor kladt 9,5 grader er. | Fotograf: Fredrik Thorsen Liv Grete hoppa i fjorden fleire gonger saman med publikum til inntekt for TV-aksjonen. | Fotograf: Fredrik Thorsen Ein av dei ivrige fjordhopparane, Bjørn Inge Lundervik. | Fotograf: Fredrik Thorsen
Speaker ved arrangementet, kyrkjeverje Harald Geir Sæther, vart bydd i fjorden til slutt. Han tok utfordringa og hoppa saman med Liv Grete. | Fotograf: Fredrik Thorsen Publikum tek bølgen for første hoppar, sokneprest Roar Strømme. Svana er klar for å få selskap i fjorden. | Fotograf: Fredrik Thorsen Publikum tek bølgen for dei sporty hopparane. | Fotograf: Fredrik Thorsen Banksjef Jostein Djupvik var andremann uti. | Fotograf: Fredrik Thorsen
Einingsleiar for Helse, familie og velferd i Fusa kommune i farta. | Fotograf: Fredrik Thorsen Hopparen med det mest fantasifulle utstyret, einingsleiar for Undervisning i Fusa kommune, Anne-Merete Mærli Hellebø i svevet.  | Fotograf: Fredrik Thorsen Den flottaste saltoen stod Eivind Rosvold for. | Fotograf: Fredrik Thorsen Bladfyken frå Os- og Fusaposten satsa på spikerhopp. | Fotograf: Fredrik Thorsen
SP-ordførar Hans S. Vindenes i raud-grøn hue var sistemann ut. Hopp med tilløp. | Fotograf: Fredrik Thorsen

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.10.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30