Aktuelt frå kommunen

Fem fleire fusingar i sommar

Tresko frå skulemuseet på Holdhus - Klikk for stort bileteTresko frå skulemuseet på Holdhus EMBV

Folketalet i Fusa har auka med fem i løpet av dei seks første månadane i 2014, viser dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Pr. 1.7.2014 hadde Fusa 3830 innbyggjarar. 

Auken i folketalet i Fusa skuldast både fødselsoverskot og tilflytting: Det er registrert 8 fødde og 7 døde i Fusa i 2. kvartal, altså ein i pluss, medan tala for inn- og utvandring og innanlandsk inn- og utflytting syner ein pluss på 4 personar.

Naboauke

Det var ikkje berre Fusa som hadde folketalsauke i 2. kvartal - alle dei fem nabokommunane kan òg visa til pluss i statistikken: Os + 201, Samnanger + 8, Kvam + 12, Kvinnherad + 1 og Tysnes + 23.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30